Snø er nedbør i form av kvite eller halvgjennomsiktige krystallar av is, oftast kitta saman til snøfiller.
Snøkrystallar kan ha uendeleg mange former, men alle er stort sett sekskanta, i samsvar med molekylstrukturen i vatn (sjå biletet). Forma på snøkrystallar kjem av temparaturen i augneblinken når snøkrystallen blir danna, og av eit komplisert samspel mellom luftfuktigheit og temparatur.

Snøkrystallar eller snøfnugg inneheld gjerne skydråpar som kan vera frosne. Blandinga mellom snø og regn heiter sludd. Hagl og kornsnø er nedbør i form av is utan krystallform. Skaresnø, puddersnø, slaps, silkeføre er nokre av dei andre formene for snø i det norske språket.
Dersom du skulle falla for freistinga til å eta snø, er det trygt, så lenge den er kvit, rein og ikkje skitten eller gul.