Første kvinnelege hovuddommar i fotball-VM for menn

I morgon dømmer Stéphanie Frappart som første kvinne ein herrekamp i fotball-VM.

Torsdag 1. desember møtest Costa Rica og Tyskland under fotball-VM i Qatar. Der verdsmeisterskapet har hausta mykje kritikk og blir sett på som kontroversielt, er denne kampen historisk av heilt andre årsaker.

Dommaren i oppgjeret på Al Bayt-stadionet er nemleg franske Stéphanie Frappart. Ho er med det den første kvinnelege hovuddommaren i eit fotballverdsmeisterskap for menn.

Fotballdommar Stéphanie Frappart. Foto: Sven Mandel – Eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

Fleire kvinner på bana

I tillegg er det to andre kvinnelege hovuddommarar med i meisterskapet. Dei har så langt i turneringa ikkje vore på bana som hovuddommarar. Tre av 36 hovuddommarar er altså kvinner.

I tillegg er det tre kvinnelege assistentdommarar, ofte kalla linjedommarar, i VM-troppen.

– No viser vi klart og tydeleg at det er kvalitet, ikkje kjønn, som tel for oss, seier Fifa-topp og tidlegare dommar Pierluigi Collina, ifølgje NTB.

Når Costa Rica møter Tyskland 1. desember, er det med eit heilt kvinneleg dommarlag på bana.

Historisk dommar

Stéphanie Frappart som fjerdedommar under VM-kampen mellom Mexico og Polen i Qatar. Foto: AP Photo/Moises Castillo

VM-kampen i Qatar er ikkje første gong Stéphanie Frappart skriv historie. I 2019 vart 38-åringen historisk som første kvinnelege dommar i den franske toppdivisjonen for menn, Ligue 1.

I 2020 vart ho første kvinne som dømte ein Champions League-kamp, og i mai i år var ho dommar i den franske cupfinalen.

Den franske dommaren har allereie hatt rolla som fjerdedommar under kampane Mexico-Polen og Portugal-Ghana i Qatar-gruppespelet.