Nesten 127.000 elevar stemte fram desse bøkene

Nærmare 127 000 unge lesarar på mellomtrinnet har lese og stemt fram sine fem superfinalistar til Bokslukerprisen 2022/23.

Unge lesarar på 5., 6. og 7. trinn har i løpet av hausten lese utdrag frå ti norske bøker i aldersgruppa 10-12 år. Dei har diskutert og stemt fram kva fem bøker dei meiner skal bli superfinalistar i Bokslukerprisen.

Dei utvalde bøkene er:

TIX – Den stygge andungen av Andreas Haukeland & Olav Brekke Mathisen. Illustrert av Odin Helgheim. Gyldendal 2021

Ragnarok 2: Fimbulvinter av Odin Helgheim. Egmont 2021

Skallen av Harald Nortun. Samlaget 2021

Portalpilotene: Det første oppdraget av Stian Gulli. Illustrert av Sigbjørn Lilleeng. Aschehoug 2021

Familien Brattbakk av Julia Kars. Gyldendal 2022

Juryklassar

Ni juryklassar fra ulike regionar skal no i gang med å lesa bøkene og stemma fram ei vinnarbok. Bokslukerprisen blir delt ut i Oslo 20. april 2023. Engasjementet i prisarbeidet i haust har vore stort frå både elevar, lærarar og bibliotekarar.

– Det er eit svært imponerande arbeid skulane har lagt ned i Bokslukerprisen denne hausten. Med prisen vil me at lesarane skal bli engasjerte, snakka med kvarandre om bøkene og få eit innblikk i nyare norsk litteratur. Årets tekster har tydeleg skapt leseglede og mange gode opplevingar rundt omkring i landet. Både dei unge lesarane, lærarane og skulebibliotekarane kan vera stolte av innsatsen, seier prosjektansvarleg for Bokslukerprisen i Foreningen !les, Christian Goveia Jacobsen.

– Blant superfinalistane er det ei god blanding av tekstbøker, illustrerte bøker og ein teikneserie. Det er skjønnlitterære spenningsbøker og sakprosa med alvor. No blir det interessant å sjå korleis bøkene blir mottatt av juryklassene, seier han.

Juryklassane er:

6C ved Nordpolen Skole, Oslo
5.-6. trinn ved Austebygd skule og barnehage, Vestland
7. trinn ved Knarrlagsund Oppvekstsenter, Trøndelag
6. trinn ved Lavangen skole, Troms og Finnmark
6. trinn ved Halmstad skole, Viken
7. trinn ved Solbakken skole, Trøndelag
6. trinn ved Kjølberg skole, Viken
5A ved Stalsberg skole, Viken
6. trinn ved Klevstrand skole, Vestfold & Telemark

Treng du tips til kjekke bøker? Prøv ut Lesedigg.no!