Meiner norske 16-åringar må få stemmerett

Sjølv om Stortinget sa nei i sommar, har LNU framleis håp om at 16-åringar skal få stemme i Noreg.

– Når ein er 16 år, er ein ferdig med obligatorisk undervisning i Noreg, og bør få mogelegheita til å delta i demokratiet, seier Margrete Bjørge Katanasho til Framtida.no.

Ho er leiar i organisasjonen Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorgansiasjoner.

Tidlegare denne veka bestemte Høgsterett i New Zealand at det er aldersdiskriminerande å ikkje gje 16- og 17-åringar stemmerett. Difor skal styresmaktene i landet diskutere om dei skal setje ned stemmerettsalderen.

Katanasho meiner avgjerda til Høgsterett viser eit viktig poeng: At det er dei som ikkje vil setje ned aldersgrensa som må bevise kvifor dei har rett, ikkje dei som vil setje ned aldergrensa.

– Dei unge skal leve lengst med konsekvensane

I Noreg har vi òg diskutert om vi skal senke aldersgrensa, slik at 16- og 17-åringar får stemme – i alle fall i lokalval.

I sommar stemte faktisk Stortinget om akkurat dette, men då stemte nei. Dei ville behalde dagens aldersgrense på 18 år.

Sjølv om Stortinget stemte nei i sommar, håpar Katanasho at Noreg kan gjere som New Zealand og gje 16- og 17-åringar lov til å stemme:

Det er dei unge i dag som skal leve lengst med konsekvensane av notida sin politikk.