Vil la 16- og 17-åringar stemme i New Zealand

No skal nasjonalforsamlinga i landet stemme over å senke stemmerettsalderen.

I New Zealand må ein vere 18 år for å stemme, akkurat som i Noreg. Men det kan vere det endrar seg.

Måndag bestemte nemleg Høgsterett i landet at det var aldersdiskriminering å ikkje late 16- og 17-åringar stemme.

Høgsterett meinte det ikkje vart gode nok argument for kvifor stemmerettsalderen var sett til 18 år og ikkje 16 år.

– Dette er ein stor dag. Dette er historisk, ikkje berre for kampanjen vår, men for landet, sa Sanat Singh til AP News etter dommen fall.

18-åringen er ein av dei som står bak gruppa Make it 16. Dei var dei som løfta saka til Høgsterett.

– Viktig å få alle mann på dekk

På heimesidene peikar Make it 16 på at ein som 16-åring kan køyre bil, slutte på skulen, ha jobb og betale husleige. Dei meiner ein difor òg bør kunne få påverke politikken ved å stemme.

Til AP News seier Singh at store utfordringar som klimaendringar påverkar unge mest.

– Det er difor det er så viktig å få alle mann på dekk for å sikre at vi har ei sterkare framtid.

Nokre timar etter høgsterettsdommen annonserte statsministeren på New Zealand, Jacinda Ardern, at nasjonalforsamlinga skal stemme over å senke stemmerettsalderen.