Deler på å spele Matilda – sparar pengane til dei vert eldre

Agnes (11), Henny (11) og Othilie (11) speler Matilda på den største teaterscenen i Noreg. Pengane dei tener, vil dei spare til dei blir eldre.

Musikalen hadde premiere på Folketeateret i Oslo i september. Dei tre jentene byter på å spele hovudrolla som den geniale jenta med magiske krefter.

Førestillinga går på kveldstid og i helgene, så det kolliderer ikkje med skulen.

– Det tek mykje tid, men det er eigentleg berre gøy. Eg trur det er det beste som har skjedd oss alle tre, seier Agnes.

Følest ikkje som jobb

I Noreg må du eigentleg vere 15 år for å ha lov til å jobbe. Lova er ganske streng, men har nokre unntak. Til dømes kan 13-åringar ta lette småjobbar, til dømes som avisbod. Det er også unntak for kultur – deriblant teater – og kunst, sport og reklame.

KUL HISTORIE: Matilda er ei av dei siste historiene til den kjende forfattaren Roald Dahl. I den morosame historia møter Matilda den strenge rektor Trunchbull som hatar barn. Foto: Fredrik Arff

Jentene kjenner ikkje andre på deira alder som jobbar, men nokre får lommepengar for å sitte barnevakt eller anna husarbeid. Men så kjennest ikkje det å spele Matilda ut som ein jobb, heller.

– Vi er i lag med vener, og dansar og syng. Det er berre det at vi gjer det framfor veldig mange menneske, mange gonger, seier Henny.

– Eg kjenner meg ekstremt heldig som vart plukka ut til ein så svær rolle, seier Othilie.

Samtidig kjenner dei på ansvaret. Kvar kveld sit det 1.400 menneske i salen, som har betalt for å sjå førestillinga. Heldigvis har ingen av dei tre sceneskrekk.

Sparar pengane

Pengane dei tener, går rett inn på kvar sin sparekonto.

– Eg tenker ikkje så mykje på at eg tener pengar. Eg føler ikkje at eg treng det, seier Agnes.

Alle tre seier at dei vil spare pengane dei tener til dei vert eldre.

– Eg vil vente og sjå kva eg treng pengar til når eg vert eldre. Kanskje vil eg studere ein spesiell stad, ta førarkortet eller kjøpe bil. Eg får litt vekepengar som eg kan bruke på ting eg har lyst på no, seier Othilie.

Oppteken av rettferd

SIRKUS: Foreldra til Matilda er så opptatt av å tene penger og sjå på TV at dei forsømmer dottera på det grovaste. Foto: Fredrik Arff

Alle tre har drive med teater i fleire år. Henny og Othilie har begge spelt i musikalen Sound of Music, og Agnes har spelt i Carmen på Operaen.

Henny seier at det kjekkaste med å spele teater, er å stå framfor mange menneske og ha det gøy med folk ein kjenner.

– Eg har alltid syntest at Matilda er ei veldig kul historie, som er veldig annleis enn alle dei andre bøkene eg har lese. Eg har sikkert sett filmen 100.000 gonger, seier Agnes.

Jentene kan kjenne seg att i Matilda – sjølv om dei ikkje har like fæle foreldre.

– Matilda har stor iver for kva som er rettferdig. Det er alle vi tre opptekne av, seier Othilie.

 


Les også: Andréa Othilie (12) hadde ei stor rolle i julekalendaren til NRK: – Det er veldig gøy

Snakkar to dialektar: Sidan familien til Andrea er frå Austlandet, kan ho snakka både austlansk- og bergensdialekt. I «Kristiania Magiske Tivolitheater» snakkar ho austlandsk. – Heldigvis har eg ikkje gløymt meg medan me spelar inn enno, seier Andréa Othilie og ler. Foto: Monster