Skeiv Ungdom om masseskytinga i Oslo: – Det er utruleg viktig å snakka om

Mange som er skeive er redde etter masseskytinga i Oslo. Det viktigaste du kan gjera er å snakka om det og høyra på andre som vil snakka.

– Det er utruleg viktig å snakka om ei slik hending, fordi det er ei veldig skummel og vanskeleg hending. Snakk med ein ven, ein vaksen du stolar på eller ein hjelpetelefonane til Kirkens Naudhjelp eller vår hjelpetelefon og chatteteneste, seier leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen.

Skeiv Ungdom er ein organisasjon for homofile, bifile, trans og andre skeive barn og ungdommar opp til 30 år. Dei jobbar for at det skal vera trygt og fint for alle som er skeive i Noreg.

Mange er redde

Etter masseskytinga i Oslo i ei gate der folk var samla på utestadar for å feira Pride, er det mange skeive som er redde. Difor oppmodar Jane-Victorius alle til å ta litt ekstra vare på seg sjølv, og dei ein kjenner som er redde.

– For dei aller, aller, aller fleste av oss så er det trygt å vera skeiv i Noreg i dag, og det vil det halde fram å vera, forsikrar Skeiv Ungdom-leiaren.

Skeiv Ungdom har ein telefon og chatteteneste, der dei som er redde for å fortelja om kven dei er kan ta kontakt.

Mange har lagt ned blomar og Pride-flagg i dagane etter masseskytinga i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Lov å gjera feil

– Kva kan barn gjera for å gjera det trygt for andre barn å vera skeiv? 

– Det er fullstendig lov å gjera feil. Du kan berre vera open og til stades og høyra på andre som snakkar om det. Det er utruleg til hjelp, seier Jane-Victorius.

Dei er sjølv ikkje-binær og brukar difor ikkje pronomenet han eller ho, men dei. Om ein seier feil, er det berre å seia unnskyld og gå vidare.

Skeiv Ungdom-leiaren oppmodar born om å vera ein god ven.

– Å vera der og vera tydeleg på at eg er ein trygg person. At du viser at dette er fint og normalt, er utruleg viktig for veldig mange, og det einaste som trengst, seier dei.