Pride i Oslo vart avlyst – dette veit me om det som skjedde i helga

Natt til laurdag skaut ein mann mot menneske som var ute på fest i Oslo sentrum.

Natt til laurdag vart fleire skot fyrt av utanfor ei gate med mange barar og utestader i Oslo sentrum. Det førte til at Pride-paraden, som var planlagt gjennomført dagen etterpå, vart avlyst.

– Skytinga utanfor London pub i Oslo i natt var eit forferdeleg og djupt skakande angrep på uskuldige menneske, sa statsminister Jonas Gahr Støre til NTB på laurdag.

Gjennom helga har mange lagt ned blomar og regnbogeflagg på åstaden.

Dette er det me veit om åtaket:

  • To menneske vart drepne, og mange vart skadd.
  • Åtaket skjedde ved ein uteplass for skeive, som heiter London Pub.
  • Politiet var raskt ute og etterforskar skytinga som eit terrorangrep. Mannen som stod bak skytinga, vart arrestert fem minuttar etter skytinga tok til. Han er 42 år gamal, og er no sikta for drap, drapsforsøk og terror.
  • Politiet trur at mannen har vore i eit miljø saman med andre menneske med ekstreme haldningar. Han har tidlegare gjort fleire mindre lovbrot, og politiet seier at dei har kjent til han.
  • Mannen er no fengsla, medan politiet gjer avhøyr og undersøker kven han har vore i kontakt med og kva som er årsaka til handlingane hans. Fleire lurer på om det er snakk om eit planlagt åtak på skeive, fordi det skjedde under Pride-feiringa og på ein pub der mange skeive pleier å vera.
Aurora og Patrick Thyvold Cody var blant dei fleire hundre som samla seg til ei spontan solidaritetsmarkering etter at prideparaden vart avlyst som følgje av skyteepisoden mot London Pub natt til laurdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Pride vart avlyst, anbefaler å avlysa støttemarkeringa

Den stor Pride-paraden som skulle gjennomførast på laurdag, vart avlyst etter råd frå politiet.

– Varme tankar og kjærleik går til pårørande, skadde og andre råka. Me skal snart vera stolte og synlege igjen, men akkurat i dag skal me halda og dela pridemarkeringane heimanfrå, sa leiar i Oslo Pride og Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold på Facebook.

Det er framleis usikkert når Oslo Pride kan gjennomføra offisielle arrangement. Samstundes har politiet godkjent at dei forskjellige skeive organisasjonane kan halda ei markering på rådhusplassen i dag. Det skriv NRK tidleg måndag.

No har derimot politiet snudd, og anbefaler at støttemarkeringa blir avlyst.

– Me kan ikkje garantera for sikkerheita, seier Martin Strand, leiar for felles operativ teneste i politiet til NRK.