Eit sprell levande museum

Anna Fiske har skrive og illustrert den splitter nye boka «Museum». Her får du bli med ein fargerik, nysgjerrig gjeng på besøk i det nye Nasjonalmuseet. 

Anna Fiske er ein kritikarrost forfattar, illustratør og teikneserieskapar. Fiske har hatt stor suksess med «Hvordan lager man en baby?» (2019) «Hvordan begynner man på skolen?» (2020) og «Hvordan er det å være voksen?» (2021). Bøkene hennar er selt til ei rekkje land – mellom anna Kina.

Foto: Lina Hindrum
LES FAKTALUKK FAKTA
Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Det er opp til deg kva kunst er. Det er det som er så fint. Kunst kan gi oss alle slags kjensler. Det fine med kunst er at det kan hjelpa oss å visa kva me føler når ord ikkje strekker til. Sånn er det når me teiknar eller målar sjølv også, fortel Anna Fiske.

– Å laga eller sjå på kunst er godt for sjela vår. Me veks og forstår meir av oss sjølve når me ser på kunst, legg ho til.

– I boka ville eg visa fram alt eit museum er. Det er jo meir enn kunsten som blir vist fram. Du får oppleva det store, flotte bygget og alle dei spennande menneska som jobbar der eller er på besøk. Kanskje du ser noko heilt nytt som du ikkje har tenkt over før. Barn er veldig flinke til det, men vaksne må passa på at me ikkje mister evna til å oppdaga.

MUSEUM: Kva er eigentleg kunst? Denne fargerike gjengen besøker det nye Nasjonalmuseet for å finna svaret. Illustrasjon: Anna Fiske / Cappelen Damm

Brukte to år

Då Anna starta å skriva og teikna illustrasjonane til boka, hang det ikkje eit einaste bilde på veggane i Nasjonalmuseet.

– Eg starta å jobba med boka i 2019, men alt stoppa litt opp då korona kom. Så, sidan eg ikkje kunne besøka museet for å teikna det, måtte eg finna bilete av all kunsten på internett. Eg brukte mykje tid, fordi eg har teikna alt som er på museet – til og med kunsten som er der. To år tok det å laga boka, fortel ho.

Det er fleire måtar å lesa boka på. Anna har laga både teikningar, snakkebobler og faktatekstar.

– Eg likar å gøyma forteljingar i boka. For eksempel har eg gløymt ein nase som er borte frå ein skulptur – som dukkar opp att.

LEIT ETTER TING: – Eg likar å gøyma forteljingar i boka. For eksempel har eg gløymt ein nase som er borte frå ein skulptur, fortel Fiske. Illustrasjon: Anna Fiske / Cappelen Damm
PORTRETT: – Eg synest portrett av gamle gubbar er keisamt, så då berre går eg forbi. Dersom du kjem over noko du synest er keisamt, berre gå vidare, seier Anna. Illustrasjon: Anna Fiske / Cappelen Damm
FORSTÅR MEIR: – Å laga eller sjå på kunst er godt for sjela vår. Me veks og forstår meir av oss sjølve når me ser på kunst, seier Fiske. Illustrasjon: Anna Fiske / Cappelen Damm