No kan du panta iskrempapiret

Hennig-Olsen Is innfører pant på iskrememballasje. No kan du få 40 øre per is om du kastar ispapiret i søpla.

Sjølv om det er søppelbøtter ved utsalsstadene, hamnar likevel mykje emballasje frå iskrem i naturen. Derfor testar Hennig-Olsen Is no ei ordning der du enkelt kan panta ispapiret med mobilen, skriv TV2.no.

– Kast søpla der det høyrer heime, og få pengar tilbake, seier Paal Hennig-Olsen, administrerande direktør i Hennig-Olsen Is.

Smart app

Pengar får du ved å lasta ned appen Bower og skanna strekkoden på småisemballasjen. Du må òg bekrefta på appen når du skal kasta emballasjen, slik at appen – som har geokoding – ser at du er i nærleiken av ei søppelbøtte.

Det var NTB som fyrst omtala saka.

GIF: Giphy.com