Skulle byggja park – fann ruinar av ein gamal by

Arkeologar har funne ruinar av ein gamal by i Mexico. Byen vart oppdaga då det er planlagt å byggja ein park i området.

Heilt tilfeldig, dukka det opp restar frå ein gamal by i Mexico. Byen stammar frå tida då Mayafolket levde, som er ein stad mellom 250–900 år etter vår tidsrekning, skriv BBC.

Funnet vart gjort i Mérida, som ligg på Yucatán-halvøya søraust i Mexico. Ekspertar kallar funnstaden for Xiol.

Dreiv med fiske

– Me trur at det har budd meir enn 4000 menneske her, seier Carlos Peraza, som er ein av arkeologane som leidde utgravinga av den gløymte byen.

Dei har mellom anna funne teiner og anna maritimt utstyr, som viser til at folka i byen dreiv mykje med fiske.

Planen er å halda fram med å byggja parken, men dei arkeologiske restane etter byen skal bevarast.