Kjempehaien Megalodon og kvithaien kjempa om same mat

Kvithaien kan ha konkurrert så mykje med Megalodon, at kjempehaien til slutt vart utrydda.

Megalodon var ein enorm hai. Forskarane meiner han kunne bli så lang som 20 meter. Han hadde òg veldig store tenner.

Forskarar har funne tenner som er 23 millionar år gamle. Dei finn berre tennene frå Megalodon fordi skjeletta til haiar er laga av brusk i staden for bein. Dei nyaste tennene dei har funne er frå 3,6 millionar år sidan, som betyr at arten døydde ut rundt då, skriv Ung.Forskning.no.

I havet no om dagen er hvithaien på toppen av næringskjeda. Det er ingen andre dyr (bortsett frå menneske) som truar hvithaien.

Levde på samme tid – og av samme mat

Korleis var dette for 5 millionar år sidan?

Det er dette forskarane no prøver å finna ut av, ved å undersøka haitennene. Dei har funne ut at Megalodonen og kvithaien levde på same tid, og at dei må ha hatt same posisjon i næringskjeda.

– Begge dyra var på toppen av næringskjeda og det er ganske overraskande at kvithaien klarte å konkurrera med den mykje større Megalodonen, seier forskar Michael Griffiths, i ei pressemelding.

GIF: Giphy.com