Det nye akvariet i Bergen har fått namnet O

O er namnet på det nye Verdenshavsenteret i Bergen, der det nye akvariet skal byggjast.

– O for oksygen, opphavet, opplevingane, oppdagingane, optimismen og oss, sa administrerande direktør Aslak Sverdrup då namnet vart presentert.

O er tenkt plassert på Dokken i framtida, ikkje langt frå Nordnes, der det kjente Akvariet i Bergen i dag ligg. Akvariet har lenge hatt behov for større lokale.

Det nye namnet var eit av 3500 forslag i ein nasjonal konkurranse, skriv NRK.