Nordlyset – det eventyrlege Frost-lyset

I desse dagar kan du sjå Nordlyset, om du er heldig. Det eventyrlege lyset som flerrar over himmelen.

Astronom Anna kathinka Dalland Evans Foto: Bjørn Hugo Pettersen

Til og med i filmen Frost er nordlyset teikna inn. Det passar bra, for det ser nesten ut som noko ein kan finne i eit eventyr. Nordlyset har vore knytta til mystikk og overtru, noko som er forståeleg når ein ser dette fenomenet.

SJÅ FILM litt lengre ned i saka

Framtida junior har snakka med astronom Anna Kathinka Dalland Evans som kan alt om nordlyset. Kathinka som ho kallar seg, synast nordlyset er heilt fantastisk vakker, der det ligg som eit fargeband over den mørke himmelen. Nesten som eit måleri i rørsle.

– Kva slags farge vi ser på nordlyset avheng av kva slags type molekyl det er som sender ut lyset. Om det er oksygenatomar, får lyset til døme ein gulgrøn farge, seier Anna Kathinka Dalland Evans. (Foto: Lars Tiede/Flickr CC BY 2.0)

Gassmolekyl blir nordlys

Nordlyset oppstår når små, elekrisk lada partiklar frå sola susar inn i atmosfæren til jorda. Atmosfæren til jorda er ein blanding av ulike gassar, som nitrogen og oksygen. Når dei partiklane frå sola kjem inn i atmosfæren vår, kolliderar dei med atom og molekyl i atmosfæregassane. Partiklane frå sola kjem inn i atmosfæren i full fart, og overfører energi til molekyla i gassen. Gassmolekyla svarar med å sende ut lys – som vi kan sjå som nordlys.

Sterkast nord i landet

Jorda har eit magnetfelt som ein kan sjå for seg gå i boge mellom Nordpolen og Sørpolen på planeten vår. Dei elektriske partiklane frå sola blir fanga i dette magnetfeltet og blir dradd nedover mot polane – både mot Nordpolen og mot Sørpolen. Ein kan derfor sjå nordlys i nærleiken av Nordpolen og sørlys i nærleiken av Sørpolen.

 

Sjå film: Slik oppstår nordlyset