NASA: Det skjer noko rart med Universet

Universet utvidar seg stadig – og nye funn kan vera eit resultat av hittil ukjende krefter i verdsrommet.

Dei siste åra har astronomar brukt Hubble-teleskopet for å forsøka å komma til botn i kor raskt universet faktisk utvidar seg. Greier ein i finna fram til det svaret, vil ein også kunne få svar på kor gamalt universet faktisk er.

For nettopp det – det er det ingen som veit. 

Ein ny, ukjend fysikk?

Etter kvart som målingane er blitt meir presise, har ein no kome fram til noko uvanleg. Det er nemleg ein stor forskjell i farten på dagens utviding, viss me samanliknar med rett etter Big Bang.

Det skriv den britiske avisa The Independent. 

Forskarane slit med å forklara kvifor det er ei skilnad, og derfor antydar dei at det er noko rart som skjer i universet. Dette kan vera eit resultat av ein ny, ukjend fysikk, som me ikkje kjenner til, seier NASA i ei pressemelding.

Meir presist

Hubble-teleskopet har i løpet av dei 30 siste åra samla saman massevis av informasjon, som kan brukast til å forklara når universet oppstod.

For å finna fram til denne informasjonen, brukar astronomane noko dei kallar milepælar. Desse er markørar for både tid og rom, skriv The Independent.

No har dei funne meir enn 40 slike milepælar, som gjer teleskopet mykje meir presist enn det har vore tidlegare.