James Webb-teleskopet har forlate jorda

1. juledag forlét James Webb-teleskopet jorda for å setja i gong med oppdraget sitt, som er å visa dei første stjernene som lyser opp universet.

– Me har i dag gitt ei julegåve til menneskeheita, sa ESA-sjef Josef Aschbacher den 25. desember.

Etter tre tiår med utvikling og endelause utsetjingar, er romteleskopet «James Webb» endeleg i rommet, etter ei vellukka oppskyting 1. juledag, skriv ABC Nyheter. 

GIF: https://giphy.com/

«Hubble» vs «James Webb»

Men kva er eigentleg eit romteleskop?

Du har kanskje høyrt om romteleskopet «Hubble», som er forgjengaren til «James Webb»-teleskopet, og som går i bane rundt jorda.

SNL skriv at «Hubble» har gitt oss moglegheit til å finna fram til observasjonar frå langt tilbake i tid – og heilt til i dag. Slik sett har det gitt menneska massevis av ny kunnskap og innsikt om universet.

1,5 millionar kilometer vekk frå jorda

Men i motsetning til «Hubble», som går i jordbane i 600 kilometers høgde, skal «James Webb» 1,5 millioner kilometer vekk frå jorda og gå i bane rundt sola.

Reisa for å komma seg dit tek om lag ein månads tid.

«James Webb» har fått namnet sitt frå ein tidlegare sjef i NASA, og no håpar forskarane at det nye teleskopet skal visa oss korleis universet såg ut heilt frå byrjinga for 14 milliardar år sidan. Det er lenge sidan, det!

https://giphy.com/

Skal brettast ut i rommet

Romteleskopet «James Webb» er om lag på storleik med ein buss. For å få plass til det om bord på raketten som førte det ut i verdsommet, måtte det brettast saman.

Då raketten hadde komme seg langt nok, skulle romteleskopet varsamt brettast ut. Dette skjedde om lag ein halvtime etter at oppskytinga fann stad. Dermed kunne forskarane pusta letta ut, jubla og omfavna kvarandre med klemmar.

Oppskytinga av «James Webb»-teleskopet er i etterkant av oppskytinga blitt omtalt som ein operasjon utan problem.

Sjå video om James Webb-teleskopet her: