Noko rart skjer med Jorda

Dei siste to åra har Jorda byrja å spinna fortare. Døgnet blir kortare og forskarane veit ikkje kvifor.

Allereie i 2019 kunne ekspertane som målar kor raskt Jorda roterer, slå fast at noko uvanleg er i ferd med å skje.

Det normale er at éin rotasjon tar stadig meir tid. Éin rotasjon er tida Jorda brukar på å spinne rundt sin eigen akse – altså punktet i midten av Jorda. Slik har det vore i mange milliardar år, skriv NRK.

For litt over to år sidan byrja dette å endra seg.

– I fjor byrja døgnet å bli kortare.

– Det er noko me ikkje har sett sidan me starta med nøyaktige målingar, fortel tidssjef i Justervesenet Harald Hauglin til NRK.

Menneska merkar ikkje noko

Tidsforskjellen er ikkje stor. Det er rundt eitt tusendelssekund i døgnet. Denne skilnaden er heilt umogleg å oppdaga for oss menneske.

Det er annleis for elektroniske system. Der kan ein liten tidsforskjell ha store konsekvensar. Derfor er forskarane så opptatt av å måla jordrotasjonen nøyaktig.

Leitar etter ei forklaring

No leitar forskarane etter ei forklaring på kvifor Jorda roterar raskare og raskare.

– Ei mogleg forklaring er tørke i strøk nær ekvator, spesielt Amazonas. Det vil ha ein påverknad. Det vil føra til at planeten roterer raskare fordi masse forsvinn frå områda som roterer raskast, forklarer forskar ved Statens kartverk Halfdan Pascal Kierulf til NRK.

seg.