Finland og Sverige har levert NATO-søknad

Våre to naboland i aust, har levert søknad om å få bli med i NATO.

Finland og Sverige har i motsetnad til Noreg, aldri vore medlem av forsvarsalliansen.

Etter at Russland gjekk til åtak mot Ukraina, har dei derimot opna for å bli medlem. Ekspertar seier at avgjersla om å søkas medlemskap, er ein av konsekvensane av den russiske invasjonen, skriv BBC Newsround.

Kva er Nato?

Nato er ei gruppe land, som mellom anna inkluderer Noreg, Storbritannia og USA, som lovar å forsvara kvarandre viss dei blir angripe av eit land utanfor alliansen.

Generalsekretæren i organisasjonen, Jens Stoltenberg, som tidlegare har vore statsminister i Noreg, helsa dei varmt velkommen og beskreiv det heile som «ein historisk augneblink», ifølgje SVT.

Mykje av grunnen, er at dei to landa har vore nøytrale i mange år. Det betyr at dei ikkje har valt sider, og at dei ikkje har involvert seg i militære aksjonar.

Jens Stoltenberg meinte også at dei to kommande medlemskapa, kjem til å føra til ei auka felles tryggingskjensle.