Etter 2,5 år i det tyske laget Borussia Dortmund, er Erling Braut Haaland no klar for nye eventyr.
Og dei skjer på fotballøya – og i ein av verdas beste klubbar.
Manchester City har bekrefta på nettsidene sine at jærbuen er klar for klubben, og at han set snuten mot England frå 1. juli 2022.
Tidenes dyraste norske fotballspelar
Kva overgangssummen vart, er enno ikkje offentleggjort. TV 2 skriv at dei erfarer at det er snakk om 60 millionar euro. Det er i overkant av 610.000.000 norske kroner, og gjer Braut Haaland til tidenes dyraste norske fotballspelar.
Tidlegare fotballspelar og NRK sin fotballekspert, Carl Erik Torp, omtalar overgangen som den desidert største overgangen av ein norsk spelar.
– Han er den mest ettertrakta spelaren i verda, saman med Mbappé, og det har aldri ein nordmann vore tidlegare, seier han til NRK.
Manchester City can confirm that we have reached an agreement in principle with Borussia Dortmund for the transfer of striker Erling Haaland to the Club on 1st July 2022.
The transfer remains subject to the Club finalising terms with the player.
– Manchester City (@ManCity) May 10, 2022