Braut Haaland-fotballkort blir selde for enorme summar

Har du Braut Haaland-fotballkort heima? Då må du ta godt vare på det – nyleg vart nemleg eit slikt seld for 341.000 kroner.

Braut Haaland er ikkje berre ein ettertrakta spelar for dei store fotballklubbane i verda. Han er også ettertrakta blant dei som samlar på fotballkort, skriv Dagbladet.

På Ebay, som er ein auksjonsnettstad, har 44 forskjellige Braut Haaland-fotballkort blitt solgt for over 40.000 norske kroner i 2021.

Dei fire dyraste korta, er solgt for 341.000, 197.000, 153.000 og 140.000 kroner. Ikkje noko lommerusk, med andre ord!

Braut Haalands Champions League-kort fra 2019/20 sesongen er blitt veldig populære. Skjermdump: Ebay

Auke i interesse

Morten Vanebro Jensen styrer «Fotballkort-Norge» og har merka ei auke når det gjeld interessa for fotballkort.

– Graderte Haaland-kort er sjeldne. Den siste tida har dei hatt ei stor auke i pris, seier han til Dagbladet.

Korta som blir selde, er for det meste gradert av autoriserte selskap. Gradering betyr at ein privatperson sender inn eit kort for ein sjekk av kvaliteten på det.

Korta kjem tilbake med ein karakter mellom 1 til 10, der 10 er det høgaste, og karakterane blir gitt etter kor plettfrie korta er.

– Når det gjelder sjeldne kort, vil ei gradering føra til best mogleg verdi og best mogleg pris, dersom du vel å selja kortet, seier Jansen.