Ekstrem hetebølgje i India og Pakistan

Temperaturarne i dei to landa stig, og dei siste vekene er det fleire gonger registrert opp mot 50 grader. No advarer forskarar om at det berre kjem til å bli verre i tida som kjem.

Ein mann med namn Nazeer Ahmed, har dei siste vekene budd på eit av dei varmaste stadene på jorda. Medan ei brutal betebølje herjar med India og Pakistan, har heimen hans i Turbat, Pakistan, fleire gonger nesten nådd 50 grader celsius.

Desse temperaturane er unormale for denne tida av året, og Ahmed fortel til The Guardian at det ikkje kjennest ut som me er i april – men heller midt på den tjukkaste sommaren.

No står lokalbefolkninga overfor kritisk mangel på vatn og straum.

– Me lever i eit helvete, seier han til The Guardian.

Klimaendringar i praksis

Hetebølgja i India og Pakistan er eit resultat av klimaendringane.

For menneska som bur der, blir dei gjort tydelege ved at sommartemperaturane kjem opp mot to månader tidlegare. Og dessverre er monsunane, som er ein type vind som fører til ein fleire månaders lang regntid, enno lenger vekke enn normalt.

Lite nedbør og høge temperaturar er svært øydeleggjande for avlingane til bøndene. Varer som kveite, frukter og grønsaker kan bli øydelagde.

Ein mann og ein gut går over ein nesten uttørket del av elva «Yamuna» etter betebølgja New Delhi, India, måndag 2. mai 2022. Foto: AP Photo/Manish Swarup

– Me veit ikkje kva me skal gjera

Det har bonde Haji Ghulam Sarwar Shahwani merka.

Han er eple- og ferskenbonde, og måtte med skrekk sjå at epletrea hans blomstra meir enn ein månad før enn normalt. Han måtte deretter sjå at blomane døydde i den uvanlege heten, og nesten øydelagde heile avlinga hans.

– Dette er første gang vêret har herja så mykje med avlingane i dette området, men me veit ikkje kva me skal gjera, og det er inga statleg hjelp. Bønder har tapt milliardar på grunn av dette vêret. Me lir og me har ikkje råd til det, seier Shahwani til The Guardian.