Forskaren svarar: Seks kjappe om klimaendringane

Framtida Junior har tatt ein prat med klimaforskar Borgar Aamaas. Han gir oss svar på klimaspørsmåla alle lurer på.

Klimaforsking: Forskar Borgar Aamaas er tilsett i CICERO, der dei jobbar med klimaforsking. Foto: Jo Straube

Du veit kanskje at klimaendringar er noko som føregår, og at det er noko som ikkje er bra for jorda.

Men veit du kvifor? Veit du for eksempel at klimaendringane allereie er merkbare i Noreg? Eller kvifor det er dumt at jorda blir varmare?

Slik svarar klimaforskaren:

?  Kvifor er det eit problem at jorda blir varmare?

– Me menneske har utvikla jordbruk og sivilisasjonar i ein periode, der klimaet har vore veldig stabilt. Me er altså tilpassa det klimaet me har no. I eit mykje varmare klima vil me ha mange problem, mellom anna at me ikkje vil klara å produsera nok mat til alle i verda. I tillegg går klimaendringane veldig fort. Då klarer ikkje naturen å henga med, som at ulike planter og dyr ikkje klarar å flytte seg fort nok nordover for å henge med på oppvarminga.

?  Besteforeldre kan fortelja at det var kalde vintrar og varme somrar når dei var små også. Betyr det at klimaendringane ikkje finst?

– Det har alltid vore forskjellig vêr frå år til år. Nokre vintrar er milde og regnfulle, andre vintrar er kalde og snørike. Me kan tenkja på det som ei loddtrekning. I gamle dagar gav dei fleste lodda kalde vintrar, men det var òg enkelte lodd som gav milde vintrar. Då kunne det henda at du tilfeldigvis trakk eit lodd som gav ein mild vinter, sjølv om det ikkje var veldig sannsynleg. Med klimaendringane, gir stadig fleire lodd milde vintrar. Det betyr at du i framtida kan trekkje eit lodd som gir ein kald vinter, men sjansen for det blir mindre og mindre.

? Korleis kjem me til å merka klimaendringane i Noreg?

– Me merkar klimaendringane allereie i dag. Det mest opplagte er at klimaet blir varmare, som gjer vintrane våre mindre kvite og meir grøne. Elles vil eg oppsummere klimaendringar i eit ord: Vatn, eller for mykje vatn. Det kjem meir nedbør, og det er spesielt ekstremregnet som vil auka mest. Slike regnepisodar gir oss flaum, skred og vatn som renn inn plassar det ikkje skal, slik som inn i kjellarar. Havnivået stig òg, som folk langs kysten vil merka. Men i blant blir det for lite vatn, og slike tørre somrar som nokre av oss har opplevd dei siste åra kan òg bli meir vanleg.

Det er ingen planet B: Barn demonstrerer mot klimaendringane. Illustrasjonsfoto: Unsplash

?️ Kvifor er det skadeleg for klimaet å bruka så mykje olje?

– Det geniale med olje er at når me set fyr på den, så blir massevis av energi frigitt. Dette kan me til dømes bruka til å køyra bil. Dessverre fører denne kjemiske prosessen til eit restprodukt, nemleg CO2, der karbonet lagar nye molekyl saman med oksygen. CO2 er den viktigaste klimagassen og hovudgrunnen til at me har menneskeskapte klimaendringar.

? Er det faktisk slik at fisen og rapen til kua øydeleggjer klimaet?

– Kua rapar massevis av metangass. Metan er ein veldig sterk klimagass. Rapinga skyldast fordøyingssystemet til kyr, som har eit heilt anna magesystem enn oss menneske. I tillegg blir det ein del utslepp av lystgass frå gjødsla. Lystgass er òg ein sterk klimagass. Dette fører til at jordbruket faktisk står for ein ganske stor del av dei menneskeskapte utsleppa.

?  Kva kan kvar enkelt gjera som faktisk vil hjelpa på klimautfordringane?

– Me kan kutta våre eigne utslepp. Viss familien har ein bensin- eller dieselbil, kan den byttast med ein elbil. Å fly sjeldnare og kortare vil kutta utsleppa mykje. Det vil også å eta mindre raudt kjøt og å kasta mindre av maten. Elles handlar det om å vri forbruket frå kjøp og kast til å kjøpa ting som varer og generelt kjøpe mindre.

– Du som enkeltperson kan ikkje gjera så mykje, men du kan påverke familien din, dei som går på skulen din og nærmiljøet ditt. Engasjer deg i ein miljøvernorganisasjon og korleis lokalsamfunnet ditt er. Kva skal du bli når du blir stor? Kanskje bør du velja ein jobb som kan gjera verda litt grønare.