Humler sør i Europa flyttar kanskje til Skandinavia

Sørlege humleartar kan komme til å trivast betre i nord på grunn av klimaendringane.

Viss vi held fram med å sleppe ut like mykje klimagassar, kan leveområda til mange insekt forsvinne. Ein ny studie viser at om 60 år kan fleire søreuropeiske humler ha flytta seg til Noreg og Sverige på grunn av klimaendringane. Det skriv forskning.no.

Forskarane har undersøkt kva område av Europa humler har levd i åra 1900–1970 og 2000–2014. Dei har samanlikna desse tala med klimaendringar og korleis menneska har bygd ut områda. Deretter har dei berekna korleis klimaet kanskje kjem til å påverke humlene i framtida.

Treng fleire område med rein natur

Sjølv om sørlege humler kan komme til å trivast betre i Skandinavia, vil dei humlene vi har i Noreg i dag som liker kulde, ikkje trivast like godt i eit varmare klima.

– Det kjem derfor til å sjå ganske ille ut for bestandane viss vi ikkje gjer noko med utviklinga, for eksempel ved å minimere oppvarminga og sørge for fleire område med rein natur og plass til natur i landbruksområde, seier Claus Rasmussen frå Aarhus Universitet til forskning.no.