Desse jentene har ein iskald hobby: – Veldig deilig når du kjem uti

Kaia Helleland Haugo (12), Hannah Liodden Skjellanger (12) og Live Lund-Roland (12) starta med isbading i vinter.

TIPS TIL ISBADING:
  • Gå sakte ned i vatnet og hugs å pusta skikkeleg.
  • Når du først har bestemt deg, må du gjennomføra. Trekkjer du deg på halvvegen blir det vanskeleg å komma seg uti.
  • Ver forsiktig.
  • Ikkje bad aleine. Ha alltid med deg ein vaksen som er på land, dersom det skjer noko.
  • Ha mange varme klede tilgjengeleg til du kjem opp frå vatnet.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me måtte tenkja før me sa ja til å prøva, for det er jo litt skummelt når det er så kaldt at du må hugsa på å pusta, seier Kaia Helleland Haugo (12), Hannah Liodden Skjellanger (12) og Live Lund-Roland (12).

Dei tre tøffe jentene frå Nesbyen har starta med ein kald hobby i vinter. Det er berre éin grad i vatnet der dei badar. 

– Det er veldig kaldt, og då er vanskeleg å pusta. Viss ein badar ofte, kan ein læra seg til å bli betre til å slappa av i pusten, seier Hannah.

Les også: Dette skjer med kroppen din når du isbadar

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Mammaen til Kaia påverka oss

Det heile starta då mammaen til Kaia, som heiter Ingrid, starta med vinterbading i haust. Jentene syntest det såg spennande ut.

– Eg har hatt lyst til å testa det heilt sidan mamma starta, seier Kaia før Live raskt legg til:

– Mammaen til Kaia påverka oss, rett og slett.

Første gongen dei testa vinterbadinga, var jentene ute i vatnet i om lag fem sekund. Det var nok. Men då dei prøvde til att, var dei i vatnet litt lenger. Opplevinga av det iskalde vatnet mot kroppen, er det fleire unge som har starta med i vinter.

Kaldt: Uttrykket til Live forklarar godt kor kaldt det er i vatnet. Foto: Privat

Godt og forfriskande

Nyleg kom det fram at éin av fem unge i Noreg har lyst til å isbada. Jentene trur at noko av grunnen er at fleire vaksne allereie driv med isbading, og at det påverkar barn og ungdom. For dei har det i alle fall gitt meirsmak.

– Eg vil halda fram. Det er veldig deilig når ein kjem uti, seier Hannah, medan dei to andre friskusane nikkar einig.

Kaia skildrar kjensla av det kalde vatnet som godt og forfriskande.

– Og så får me kakao og kaker når me kjem på land. Heile opplevinga gjer at me vil halda fram, seier ho.

Kaia Helleland Haugo og
Hannah Liodden Skjellanger likar å isbada – men det er også godt å koma på land att. FOTO: MONA N. STENSVOLD,
HALLINGDØLEN