Dette er den nye manageren til Manchester United

Erik ten Hag blir ny Manchester United-manager. Nederlendaren har sagt ja til å vera trenar for eit av verdas beste lag til og med 2025.

GIF: giphy.com

Det har klubben sjølv bekrefta på sine heimesider.

ten Hag kjem til Manchester frå jobben som manager i Ajax.

Fotballdirektøren i Manchester United er svært nøgd med å få nederlendaren til klubben sin.

– I løpet av dei siste fire åra i Ajax har Erik vist seg å vera ein av dei mest spennande og suksessrike trenarane i Europa, kjent for lagets attraktive, offensive fotball og engasjement for ungdom, seier  John Murtough, som er fotballdirektør.

– Ei stor ære

Hovudpersonen sjølv, synest at det er ei stor ære å få moglegheit til å vera manageren til Manchester United.

– Det er ei stor ære å bli tilsett som Manchester United-manager, og eg gler meg til utfordringane som ventar. Eg kjenner historia til denne fantastiske klubben og lidenskapen til fansen, og eg er bestemt på å utvikla eit lagt som er har moglegheit til å levera den suksessen som dei fortener, seier han i meldinga.

No kjem han til å gjera det han kan for å avslutta epoken som Ajax-trenar på best mogleg måte.

– Eg vil avslutta tida mi her på ein positiv måte, ved å vinna ligaen. Ved å gjera det vil me kvalifisera oss direkte til Champions League. Der høyrer Ajax til, seier ten Hag.

ten Hag er på plass i Manchester i slutten av denne sesongen.