– Me elskar lange frukostar

Elly (9) og Fie (7) er døtrene til Sara Lossius som har skrive boka «God Morgen». Framtida Junior har spurt dei om kva som skal til for å få ein fin morgonkvist.

Elly slår opp auga klokka 7 kvar morgon.  

– Eg vaknar av vekkarklokka, men eg likar å liggja lenge i senga, og så brukar eg ganske lang tid på badet. Eg pussar tenner og kler meg før frukost, fortel ho.

RASK: – Eg likar best å vera rask ut døra, slik at eg kan leika litt på morgon-SFO før skulen startar, fortel Fie. Foto: Privat

– Me brukar lang tid på å eta i lag. Dagen før har me lagt fram klede og mamma eller pappa har smurt matpakke, så det slepp me å bruka tid på, fortel ho. 

Klokka 8.15 går ho ut døra for å rekka skulestart. Men, kva er Elly sitt beste tips til deg som vil ha ein god morgon?

– Et ein god frukost, og å finna kleda fram kvelden før.

Vil leika før skulen

Fie likar også å bruka god tid på å komma seg ut av senga, men ho er hakket raskare enn Elly, fortel ho.

– Då det skulle komma ein fotograf frå avisa her, for å ta bilder av oss, spratt me opp av senga begge to. Men vanlegvis brukar eg litt tid, seier ho.

TIPS: – Et ein god frukost, og finn kleda fram kvelden før, svarar Elly då Framtida Junior spør om hennar beste tips til morgonrutinen. Foto: Privat

Saman med Elly og vetlesystra Lisen (2) et ho ein god, lang frukost før skulen.

– Eg likar best å vera rask ut døra, slik at eg kan leika litt på morgon-SFO før skulen startar, men det er ikkje alltid det går. 

– Viss me stressar på morgonen synest eg det er kan vera vanskeleg å gå frå mamma eller pappa når dei leverer oss på skulen. Alt går betre når me har hatt ein god morgon, fortel Fie.