5 egg-aktivitetar du kan gjera i påska

Glitteregg, tatoverte egg, farga egg, egg til nokon som treng det - eller eggjakt i mørket?

Glitteregg

FOTO: Freepik
  • Stikk eit hol i begge endar av egget med ein teiknestift. Hugs å vera forsiktig.
  • Dekk til begge hola og rist hardt på egget.
  • Sett munnen mot holet på den eine sida, og blås ut innhaldet i egget i ein bolle.
  • Set egget til tørk! Etter ei stund er det klart til maling eller rulling i glitter!

Tatoverte egg

Har du tatoveringar som kan limast på hud som du ikkje brukar?

Brukt dei på egg! Sjå oppskrift på å blåse egg i tipset over.

Farga egg

Kok egg i vatn med skal frå gul eller raudlauk. Då får du fine fargar på egga.

Gi eit egg til nokon

FOTO: Freepik

Veit du om nokon som ikkje får påskeegg? Kanskje ein familie som ikkje har råd, eller nokon som har flykta til Noreg? Fyll eit egg med noko godt, og lever det til dei. Ekte påskeglede!

Eggjakt i mørket

ILLUSTRASJON: Pixabay

Gjer eggjakta hakket meir utfordrande ved å gøyme egg i hagen, og så leita i mørket! Ta med lommelykter, så blir det ekstra spennande.