Sosiale medium er veldig godt å ha for mange ting. Å halda kontakten med vener, å lesa nyheiter, eller å læra engelsk eller noko anna spennande. Og så er det god underhaldning, naturlegvis, skriv Ung.Forskning.no.
Ta kvissen: Kva kan du om puberteten?
Ikkje berre positivt
– Unge menneske samanliknar ofte seg sjølv med det dei ser i sosiale medium. Forsking viser at dette har negativ innverknad, seier professor Ian Colman til Ung.Forskning.no.
Professor Ian og kollegaane hans har undersøkt 17.400 unge britar mellom 10 og 21 år.
Forskarane spurde dei korleis dei hadde det i livet sitt og kor mykje sosiale medium dei brukar. Dette spørsmålet fekk dei to gongar – med eitt år mellom kvar gong.
Når dei vart spurde igjen året etter, følte dei som brukte sosiale medium seg mindre nøgd med livet sitt.
Puberteten si skuld?
Forskarane meiner dette kanskje er på grunn av utviklinga i hjernen eller puberteten.
Begge desse tinga skjer seinare i livet hos gutar. Dermed kan det vera med på å forklara kvifor gutane måtte bli 14–15 år medan jentene var påverka allereie frå 11 til 13-års alderen.
Om dette stemmer veit ikkje forskarane nok om enno, så det må undersøkast med meir forsking.