Fem fakta som høyrest for utrulege ut til å vere sanne

Det er ein ganske kjent tommelfingerregel at om noko høyrest for utruleg ut, så er det nok løgn.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Zelenskyj som talte til Stortinget: – For tusen år sidan var norske vikingar gjestene våre i Kyiv.


Men nokre ting er faktisk berre utrulege, og sanne.

Kven er Dorothy?

Heilt tilbake til andre verdskrig har det at er ein friend of Dorothy betydd at ein er skeiv. Men det ante ikkje etterforskingsavdelinga i det amerikanske marinedepartementet (NIS), som på starten av 80-talet reiste rundt på skeive barar i Chicago for å avsløre homofile sjømenn.

Dei høyrde fleire seie at dei var ein venn av Dorothy, og konkluderte så med at Dorothy måtte vere ei ekte kvinne som var kontaktpunkt for homofile militærmenn.

Ifølgje boka Conduct Unbecoming: Gays and Lesbians in the U.S. Military lanserte NIS difor ein omfattande aksjon for å finne denne Dorothy. Dei håpte ho kunne namngje homofile menn slik at dei kunne få sparken.

Heldigvis leita dei etter eit spøkelse.

Verdas verste bustadfelt

I januar 1913 husa den austerrikske hovudstaden nokre av historias mest berykta menn. Då budde nemleg både Adolf Hitler, Lev Trotskij, Josef Stalin, Josip Tito og Sigmund Freud alle i same område i Wien. Alle budde innan dryge 5 kvadratkilometer.

Det høyrest nesten ut som starten på ein vits: Tre diktatorar, ein marxist og ein psykolog går inn på ein bar …

Shakespeare-entusiast skapte stare-problem

Staren høyrer eigentleg heime i Europa, og har vore til inspirasjon for mang ein poet og kunstnar. I første del av Shakespeare-verket Kong Henrik IV dukkar ein stare opp, då karakteren Hotspur fantaserer om å lære fuglen å seie Mortimer.

Eugene Schieffelin var ein ihuga Shakespeare-fan og han fekk det føre seg å hylle forfattaren ved å innføre fuglar nemnde i Shakespear-stykke i USA.

I 1890 sleppte difor Shieffelin ut 60 starar, som han hadde importert frå Europa, i New York. Året etter 40 nye. Av desse 100 var det 32 fuglar som overlevde.

I dag husar Nord-Amerika 200 millionar starar. Kvart år påfører fuglane landbruksindustrien kring 800 millionar dollar i skadar.

Måleriet Interior of a Kitchen av Martin Drolling er måla ved hjelp av mykje mumiebrun.

Kunstnarar måla med mumiar

Frå 1500-talet og fram til tidleg 1900-talet, målte kunstnarar med mumiebrun.

Den rike, litt gjennomsiktige fargen var, som namnet tilseier, laga av knuste egyptiske mumiar. Både mumiar av menneske og kattar vart brukte.

For å lage målinga så vart mumiar transporterte frå Egypt for å verte pulveriserte i Europa og selde.

Målinga miste popularitet då kunstnarane vart klar over kor målinga kom frå, men produsenten skal ha laga målinga fram til 1964 ifølgje Smithsonian.

Batman-senatoren

Alle amerikanske og demokratiske senatorar frå Vermont har vore med i ein Batman-film.

Det høyrest heilt ellevilt ut, men sant er det, for det demokratiske partiet har berre hatt éin senator i staten. Til gjengjeld har senator Patrick Leahy vore med i fem Batman-filmar.

Han dukka opp i sin første Batman-film i 1995 i Batman Forever, og har sidan vore å sjå i Batman & Robin (1997), The Dark Knight (2008), The Dark Knight Rises (2012) og Batman v Superman: Dawn of Justice (2016)