Kunstig fisk skal hjelpa å laga kunstige hjarter

Forskarar i USA har laga ein kunstig fisk, som sym ved hjelp av hjartemuskel-celler.

Tema: gjer det sjølv
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Forskarar ved Harvard og Emoroy Universitet i USA har laga ein kunstig fisk. Denne sym rundt ved hjelp av hjartemuskel-celler, og desse cellene er danna frå menneskelege stamceller, skriv forskning.no.

Målet med lærdommen etter fiskane, er å ein dag byggja eit hjarta til eit born som treng nytt.

Sumde 100 dagar i strekk

Halen til fisken er dekka av eit lag med hjartemuskel-celler. Når cellene på den eine sida av halen trekkjer seg saman, blir den andre sida strekt ut. Deretter skjer det ein samantrekking, som gjer at det ser ut som fisken sum og held i gong bevegelsen sin.

Fiskane som var med i prosjektet, sumde i over 100 dagar då det vart sett i gong. At dei greidde seg så lenge, var fordi cellene fekk næring frå væska fiskane var i. Det heile gjorde forskarane overraska.

– Det verkeleg interessante ved desse fiskane, som me ikkje forventa, er kor lenge dei sumde og kor raskt dei kunne symja i skåla, seier Kit Parker, som er professor i bioteknikk og anvendt fysikk ved Harvard University i ei pressemelding.

Her kan du sjå fiksen symja: