Dette er dei nominerte til årets Gullbarbie

Seksualisert innhald til unge, slankepillereklame retta mot barn og påbod om å fjerne mørkhuda frå klesbutikkar. Her er årets nominerte:

TIDLEGARE VINNARAR AV GULLBARBIE

2021: Sophie Elise AS

2020: Blogg.no

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet

2015: Elevkalenderen, som vert delt ut til elevar ved skulestart

2014: Russekledeprodusenten Russedress

2013: Victoria’s Secret

2012: Klesmerket Jack & Jones

2011: Klesmerket Diesel

LES FAKTALUKK FAKTA

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa saka om Ni fakta som gjev deg hakeslepp.


Kvart år deler Press – Redd Barna Ungdom ut prisen Gullbarbie, som går til den reklame- og medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst. 

I fjor gjekk prisen til Sophie Elise AS.

Dette er dei nominerte til Gullbarbie 2022: 

Brandy Melville

Kleskjeda Brandy Melville var nominert til årets Gullbarbie også i fjor, og Press-leiar Lea Mariero skreiv då at kjeda – som berre har éin storleik, «one size» – bidreg til ein idé om at det berre finst éin idealkropp.

I år peikar Press òg på ein ny rapport som avdekka at haldningane til selskapet ikkje berre vert reflekterte i klesstorleiken dei sel i butikken.

– Rapporten avdekka mellom anna at tilsette har teke felles slankekurar før toppsjefar kjem til butikkane, og at det har kome førespurnadar frå sentralt hald om å fjerne mørkhuda kundar frå butikkane, seier grunngjevinga.

Melk & Honning har skrive om nokre av dei problematiske forholda på arbeidsplassen. Utsjånad skal ha vore ein føresetnad for å få jobb hjå Brandy Melville, Instagram-profilar påverka kva timeløn ein får, og dagens anntrekk lyt verte godkjent i systemet før jobb. Samstundes skal svarte jenter ha vorte sett opp på skifta kor det er færrast kundar i butikken og vorte sparka så fort det har lete seg gjere, skriv motemagasinet.

OnlyFans

OnlyFans er ei plattform som først vart oppretta i 2016, kor brukarar kan laste opp bilete og videoar av seg sjølve, som abonnentar så betalar for å sjå.

– OnlyFans er nominert for at plattforma marknadsfører og oppfordrar til sal av seksualiert innhald til barn og unge, for å tene pengarheiter det i grungjevinga.

Ungdomsorganisasjonen peikar på at OnlyFans har aldersgrense på 18 år, men at påverkarar brukar plattformer med lågare aldersgrense aktivt for å få fleire over på tenesta.

Protein.no

Protein.no er ein nettbutikk mynta på kvinner, og som har som uttalt mål «å gjøre kvinner i Norge sterkere».

Press peikar på at nettbutikken aktivt brukar påverkarar med eit ungt publikum for å reklamere for mellom anna slankepiller, måltidserstatning og fettforbrennande produkt:

– Dei hevdar at produkta deira kan forbrenne fett om natta og gjere deg tynnare, brunare og sterkare. Å målrette ein bodskap som dette mot unge menneske, kan føre til usunne vekt- og kosthaldsendringar og eteforstyrringar, står det i grunngjevinga.

I år må alle verifisere seg gjennom Vipps for å stemme. Kven som mottek Gullbarbie 2022 vert annonsert 1. mars.