H&M vil selga dobbelt så mykje klede og halvvera klimautsleppa

Framtiden i våre hender reagerer på H&M sin plan. – Ein hån, seier miljøorganisasjonen til E24.

H&M seier at dei vil dobla klessalet og halvera klimautsleppa sine innan 2030.

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender. Ho seier at ho blir uvel av å lesa at kleskjeda vil dobla salet av klede dei neste åra.

– Det finst ingen H&M i ei berekraftig verd. Forretningsmodellen deira går ut på å laga alt for mykje klede i miljøskadeleg materiale, seier ho.

– Ein hån

Ho meiner at pressemeldinga H&M har sendt ut er ein hån mot planeten og mot tekstilarbeidarane.

– Kleskjedane produserer allereie meir klede enn planeten toler, ifølgje Riise.

Ho ramsar opp problem med måten klede blir produsert på i dag i ei pressemelding på organisasjonen si heimeside:

  • Klesindustrien står for åtte prosent av utsleppet i verda.
  • To tredelar av alle nye klede blir laga av plast.
  • Klede endar opp på ulovlege søppeldynger i andre land.
  • Tekstilarbeidarar får det stadig verre.
GIF: Giphy.com

Den siste tida har overproduksjonen av klede stått i søkelyset etter at mellom anna NRK har skrive om «klesindustriens kyrkjegard» i Chile, der det har hamna 40.000 tonn brukte klede det siste året.

Vil dobla inntektene

E24 har fått svar frå H&M sin administrerande direktør Helena Helmersson på kritikken frå Framtiden i våre hender.

Ho seier at H&M vil dobla inntektene og ikkje antall klesplagg dei skal produsere. Ho seier også at dei vil bruka meir resirkulerte og berekraftige material, i tillegg til å utvikla ein meir sirkulær forretningsmodell. Ein sirkulær forretningsmodell betyr at tekstilane i plagga skal brukast på ny i produksjonen av nye klede, slik at kleda til dømes ikkje endar opp på søppeldynga i Chile.