Søvn kan hjelpa deg å hugsa betre

Synest du det er vanskeleg å hugsa kva nye vener heiter?

Ny forsking viser at du hugsar betre viss du søv godt om natta, skriv Ung.Forskning.no.

24 studentar frå 18 til 31 år var med i eit eksperiment ved Northwestern University i USA. I eksperimentet skulle studentane prøva å hugsa namnet til studentar dei ikkje hadde møtt før.

GIF: Giphy.com

Først fekk dei sjå bilde av 40 studentar som dei vart fortalde studerte latinamerikansk historie og 40 andre som studerte japansk historie. Samtidig fekk dei både lesa og høyra namna til desse 80 personane. Så sjekka psykologar om deltakarane hugsa kva studentane heitte.

Søvn hjalp på minnet

Etterpå fekk deltakarane beskjed om å ta seg ein lur. Medan dei sov, målte psykologane hjerneaktiviteten deira. Når deltakarane sov djupt, vart nokon av namna lese opp for dei, lågt frå ein høgtalar. Samtidig spelte psykologane enten latinamerikansk eller japansk musikk.

Då dei vakna, vart deltakarane testa på nytt. Det viste seg dei som sov godt, trefte oftare med rett namn på rett bilete. Det viser at god søvn er viktig viss du skal læra noko, meiner forskarane.

GIF: Giphy.com