Du kan få meir lyst på godteri viss du er trøytt

Unge som søv lite et meir sukker og mindre frukt og grønt.

Forskarar frå Ruhr-Universität i Tyskland har undersøkt korleis søvn påverkar kor mykje sukker tenåringar et, skriv Ung.Forskning.no. Studien er publisert i eit vitskapleg tidsskrift som heiter SLEEP.

Dei undersøkte søvn og kosthald hjå 93 amerikanske ungdommar. Deltakerne gjekk gjennom to testar. I den eine testen hadde dei seks og ein halv time med hovudet på puta. I den andre testen hadde dei ni og ein halv time.

GIF: Giphy.com

Lågt blodsukker

Forskarane kontrollerte ikkje kva ungdommane åt, men dei målte mellom anna kor mykje sukker dei åt.

Når ungdommane i testen sov lite, åt dei oftare mat som fekk blodsukkeret raskt opp – til dømes snop, bollar, energidrikk eller brus. Samtidig åt dei mindre frukt og grønt gjennom heile dagen. Spesielt etter klokka 9 på kvelden åt dei mat med meir sukker. Når vi søv lite, kan nemleg sukkernivået i blodet vårt variera meir. Lågt blodsukker gjer oss trøytte.

Forskarane trur trøytte ungdommar et eller drikk sukker for å halda seg vakne fram til sengetid.