Kvar kveld tar familien på oransje briller 

August Gjøtterud Henriksen (16) og familien vernar seg mot blått lys frå all slags skjermar om kvelden. Mor til August er overlege og forskar på søvn. – Mykje tyder på at barn, unge, foreldre og ein del legar ikkje har nok kunnskap om korleis blått lys påverkar søvnen, seier ho.

FAKTA: Normalt søvnbehov for barn og ungdom:

1-2 år: 11-14 timar

3-5 år: 10-13 timar

6-13 år: 9-11 timar

14-17 år: 8-10 timar

LES FAKTALUKK FAKTA

– Blått lys påverkar oss menneske. Nokon blir veldig påverka, medan andre ikkje merkar det så godt, seier Tone Elise Gjøtterud Henriksen. Ho er forskar og overlege på Valen sjukehus i Kvinnherad kommune.

Familien Gjøtterud Henriksen nyttar oransje briller to timar før leggetid for å fjerne det blå lyset frå omgjevnadane. Det gjer det for å sove betre om natta. 

Erling Braut Haaland har tidlegare uttalt til VG at han nyttar oransje spesialbriller i restitusjon. Han gjer det for å sove betre, og for å få mindre slitasje på kroppen.

TRENG GOD SØVN: Erling Braut Haaland (19) har tidlegare uttalt til VG at han nyttar oransje spesialbriller i restitusjon. Foto: AP / Kerstin Joensson

Har brukt oransje briller halve livet

August, sonen til Tone, har nytta dei oransje brillene sidan han var 8 år gamal. 

– Med dei oransje brillene kan eg sitje med mobilen i senga med godt samvit. Då veit eg at det ikkje går utover helsa mi, seier August.

Når han tek brillene på rundt kl. 20, klarar han sjeldan å halde seg vaken lenger enn til klokka 22. 

– Eg tek brillene av etter eg har lukka augene og lyset i rommet er sløkt. Eg har det også heilt mørkt i rommet, fortel han.  

Auke i bruk av sovemedisin

Det var 22 537 barn og unge under 20 år som fekk sovemedisin i 2018 og 24 637 som fekk det i 2019. Det har vore størst auke i aldersgruppa 0-4 år og 10-14 år.

– Vi kan ikkje seie at desse tala berre handlar om det blå lyset frå skjermbruk, då det ikkje er forska på skjermvanane til barn og unge som får sovemedisin. Men det er veldig sannsynleg at det heng saman, seier Tone.

Ho er også bekymra for at tala viser at mange legar skriv ut medisinen melatonin til barn og unge. Melatonin som tablett er ikkje godkjent for barn og unge. 

Lite informasjon frå legen

– Eg trur mange ikkje får god nok informasjon frå legen sin om at dei kan styrke søvnrytmen sjølv, seier forskaren.

– Mange veit ikkje at løysinga kan vere å skjerme seg frå blått lys om kvelden, seier Tone.

På sjukehuset oppdaga Tone at dei oransje brillene hjelp pasientane til å bli mykje betre.

– I auga sit det ei celle som tek imot det blå lyset, og som gir signal til hjernen om at det er dag. Då blir kroppen aktivert. Dersom dette lyset blir fjerna, oppfattar hjernen at det er heilt mørkt, sjølv om det ikkje er det. Då blir kroppen roleg, fortel ho.