Dei som søv lite har mindre positive kjensler

Om vi søv for lite over tid, kan det gå ut over både konsentrasjonen og forholdet vårt til vener, skriv Ung.Forskning.no.

Kor mykje søvn vi treng, er forskjellig frå person til person. Derfor treng du ikkje bekymra deg om du søv mindre enn vennene dine. Men viss du kjenner at du har vanskar med å konsentrera deg eller at humøret ditt svingar mykje i løpet av dagen, kan det vera lurt å spørja om hjelp, skriv Ung.Forskning.no.

Ein lege eller helsesjukepleiar kan gje deg råd om korleis du kan sova betre.

Viktig med god søvn

Forskarar frå NTNU følgde med på meir enn 800 barn over ti år. Dei byrja å følgja dei då dei var fire år gamle. Dei ville vita korleis sovinga til barna utvikla seg etter kvart som dei vart eldre.

Dei fann til dømes ut at det er veldig få barn søv for lite når dei er seks år. For lite er under sju timar. Etter kvart som barna vart eldre, vart det fleire som sov for lite.

Viktig å få hjelp

Så sjekka forskarane korleis det gjekk med barna som sov lite då dei var små. Sov dei framleis mindre då dei vart eldre?

Forskarane fann ut at problema med for lite søvn gjekk over for dei aller fleste. Men nokre barn sleit framleis med søvnvanskar då dei vart eldre.

For å finna ut korleis barna hadde det med kjenslene sine, intervjua forskarane dei. Då fann dei ut at dei som sov mindre enn andre, hadde mindre positive kjensler.

Derfor er det viktig at du snakkar med ein vaksen som kan hjelpe deg dersom du føler du får for lite søvn. Foreldra dine, læraren din, helsesjukepleiaren eller legen din kan hjelpa.