Veit du korleis rettar du har som barn i Noreg? Her får du svaret

20. november hadde FN sin barnekonvensjon bursdag. Det er den viktigaste avtalen for barn i heile verda, fordi den gir alle under 18 år rett til ekstra vern og nokre heile spesielle rettar.

Trygt for dei fleste: Kirsten Kolstad Kvalø jobbar som seniorrådgivar i Norges institusjon for menneskerettigheter. Ho fortel at Noreg er kjent for å vera eit land som passar ekstra godt på barn. – For dei fleste er det trygt og godt å veksa opp i Noreg. Likevel er det fleire barn som ikkje har det slik, seier ho. Foto: Charlotte Skomsøy/NIM.

– FNs barnekonvensjon er ei avtale som FN laga i 1989. Alle land i verda, sett bort i frå USA, har sagt at dei vil følgja barnekonvensjonen. Derfor er det den mest populære menneskerettsavtala i verda, seier Kirsten Kolstad Kvalø.

Ho jobbar som seniorrådgivar i Norges institusjon for menneskerettigheter og fortel at det er mange lover i Noreg som er endra slik at landet vårt kan følgja barnekonvensjonen.

– Til dømes har Noreg gjort slik at dei som er under 18 år når dei gjer kriminelle handlingar, ikkje må sona i fengsel om det ikkje er heilt naudsynt. Noreg har også endra mange lover slik at barn sine meiningar skal bli høyrt, i saker som gjeld dei. Over heile verda har barnekonvensjonen hatt stor påverknad, gjennom til dømes skulegang, helsehjelp, og at den har fått statane til å gjere det klart at det ikkje er lov til å slå barn, seier ho.

Les også: Fire om menneskerettar: – Me kan vera greie mot alle

Mobbing er eit menneskerettsbrot

Sjølv om dei fleste vaksne er flinke til å ta vare på barn sine rettar, er det nokre som synest at andre ting er viktigare. Derfor laga FN i 2011 ei tilleggsavtale som gir barn rett til å klaga til FN sin barnekomité, dersom eit land ikkje følgjer barnekonvensjonen.

– Men denne avtalen ville ikkje Noreg vera med på. Det meiner me er dumt, fordi det er jo ingen vits i å ha rettar om ein ikkje kan klaga når dei vert brotne.

Kolstad Kvalø nemner fleire eksempel på menneskerettsbrot som barn i Noreg opplever.

– Det er staten sitt ansvar å passa på at mobbing ikkje skjer, og når skulen ikkje gjer det dei  skal, er det brot på rettane. Det er også born som ikkje får vera med på fritidsaktivitetar på grunn av at dei sit i rullestol eller har andre funksjonsnedsetjingar. Og så er det ikkje alltid at Noreg passer på rettane til barn som kjem til Noreg som asylsøkarar.

Dette kan du gjera

Viss du kjem i ein situasjon der du meiner at menneskerettane dine vert brotne, er det fleire ting du kan gjera.

– Du kan ta kontakt på Barneombodet sine heimesider, og så kan dei fortelja deg kva du kan gjera vidare. Men det beste er nok å spørja ein vaksen som ein stoler på om hjelp, fortel Kolstad Kvalø.

Dersom det skjer noko som er farleg for deg sjølv eller eit anna barn, eller om du ikkje har vaksne i livet ditt som du stolar på, kan du ta kontakt med Alarmtelefonen.

– Dei er tilgjengeleg på telefonnummer 116 111, og kan hjelpa deg.