Fire om menneskerettar: – Me kan vera greie mot alle

Framtida Junior har snakka med fire born om menneskerettar. Dei fortel kva dei veit om temaet, og deler sine tips om kva me kan gjera for at alle barn skal ha det bra.

Foto: Privat

Didrik Hauge (12), 7. klasse

1: Kjenner du til ein eller fleire menneskerettar? Om ja, kva er dei?

– Ja, eg veit om at alle er født frie og likeverdige.

2:  Kvifor er det viktig at me har menneskerettar i Noreg og verda?

– Det er viktig med menneskerettar fordi me skal ta vare på alle innbyggjarane i Noreg og ha eit godt og trygt miljø.

3: Kva kan me gjera for at alle barn har det bra?

– Informera alle barn om at det finst plassar ein kan prate om det ein tykkjer er vanskeleg, og at det finst ein nødtelefon med nummer 116 111.

Les også: Veit du korleis rettar du har som barn i Noreg? Her får du svaret

Foto: Privat

Konstanty Defanski (12), 7. klasse

1: Kjenner du til ein eller fleire menneskerettar? Om ja, kva er dei?

– Ja, eg veit at folk ikkje skal bli torturert eller skada.

2:  Kvifor er det viktig at me har menneskerettar i Noreg og verda?

– Det er viktig at me har menneskerettar i Noreg og i verda fordi då kan folk føla seg tryggare der dei bur.

3: Kva kan me gjera for at alle barn har det bra?

– Eg tenkjer at me kan spørja om dei har det bra. Dersom du ikkje har det bra, kan du seia det til nokon du stolar på. Du kan også ringa tlf. 116 111. Dette er alarmtelefonen for barn og unge, der du kan snakka med folk viss noko skjer.

Foto: Privat

Josefine Bolstad (11), 6. klasse

1: Kjenner du til ein eller fleire menneskerettar? Om ja, kva er dei?

– Ja, alle barn har rett til å gå på skule. Alle vaksne har rett til å ha ein jobb. Alle menneske har rett til å få psykisk hjelp. Alle menneske har rett til å ha mat.

2:  Kvifor er det viktig at me har menneskerettar i Noreg og verda?

– Det er viktig at alle får gå på skule der ein kan læra mange ting sånn at me veit korleis me skal overleva når me blir vaksne. Viss ein ikkje har mat, døyr ein. Viss ein har lite mat blir ein svolten heile tida. Ein kan bli sjuk og døy av for lite mat og utan reint vatn.

3: Kva kan me gjera for at alle barn har det bra?

– Organisasjonar som FN og Redd Barna som hjelper alle barn.

Foto: Privat

Agnes Cecilie Waagsbø Wiese (11), 6. klasse

1: Kjenner du til ein eller fleire menneskerettar? Om ja, kva er dei?

– Ja, eg veit om nokre menneskerettar: Likt mellom gutar og jenter, Ytringsfridom, rasisme og at alle har rett til ein stad å bu og ha mat.

 2:  Kvifor er det viktig at me har menneskerettar i Noreg og verda?

– Det er viktig fordi då blir det meir rettferdig, og mange fleire får det bra.

3: Kva kan me gjera for at alle barn har det bra?

– Me kan vera greie mot alle. Me kan hjelpa viss me ser nokon som ikkje har det bra, vera ein venn ein kan stola på, få dei til å føla seg trygge. Me må spørja om folk har det bra og seia frå!