Marte forskar på alle slags tekstar

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Marte Blikstad-Balas.

Fakta

NAMN: Marte Blikstad-Balas

FORSKAR PÅ: Tekst- og skuleforsking

JOBB: Universitetet i Oslo

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på alle slags tekstar – til og med sånne som han du les no! Dei tekstane eg synest er aller mest spennande er tekstar barn og unge brukar på skulen, som til dømes lærebøker, digitale tekstar i læringsbrett, oppgåver læraren har laga eller tekstar elevane har skrive sjølv. Eg er interessert i korleis me les og skriv på skulen, rett og slett!

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Mange synest nok det er spennande å forska på eksotiske ting eller eksperiment med mykje action. Men det er også utruleg viktig å forska på dei tinga som er rundt oss heile tida, slik som tekstar i eit klasserom: det er tekstar på tavla, i bøkene, på plakatar på veggane, på læringsplattforma, og så vidare.

For ein tekstforskar er ein heilt vanleg gul tusj og nokre fargeblyantar viktige arbeidsverktøy. – Eg brukar dei til å systematisera kodane mine når eg går gjennom ulike tekstar som skulebøker, elevtekstar, arbeidsplanar eller oppgåveark som blir brukt i klasserommet, seier Marte. Foto: Privat

– Tekstforskarar som forskar i klasserom er opptatt av å finna ut korleis ulike tekstar fungerer for ulike elevar, og kva tekstar elevar synest er ekstra vanskelege å lesa eller skriva. Det er innmari nyttig kunnskap viss me vil at skulen skal vera best mogleg for alle.

Kva er det beste tipset ditt for å bli forskar?

– Ein ting forskarar har til felles er at me likar å finna ut av ting. Og det er mange barn innmari gode på allereie!

– Det beste tipset mitt er derfor at du stiller masse spørsmål og prøver å finna ut meir om alt du ikkje veit frå før. Og når du finn eit spørsmål ingen klarer å svara på må du ikkje bli lei deg, men heller tenkja at du har funne eit kunnskapshol – eit område der verda treng meir forsking.

Tips til barn som vil forska heima:

– Ein ting mange blir overraska over, er kor mange ulike tekstar du les i løpet av ein heilt vanleg dag. Tipset mitt er derfor at du skaffar deg ei lita notatblokk (til det me forskarar kallar feltnotat) og skriv ned absolutt alle tekstane du les på ein dag. Med lesing meiner eg ikkje berre romanar, men alt som inneheld bokstavar.

– Kanskje lista di startar med at du ser på telefonen eller smartklokka di om morgonen for å sjå om det er på tide å stå opp. Så ser du kanskje nokre tekstar på frukostbordet (står det ikkje noko på så å seia alle matvarenes embalasje?). Og slik kan du halda fram. Viss du kartleggjer både dine eigne og tekstane til familien over fleire dagar, har du gjennomført noko vi kan kalla ein etnografi.

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.