For kva av det som skjedde i 2021 hugsar du eigentleg? Me har tatt oss ein gjennomgang for å finna fram til tolv nyheter frå året som har gått.
Lukke til og godt nytt år!
Quiz: Kviss: Kva hugsar du frå 2021?
- Spørsmål 1 av 12
1.
I januar vart ein viktig bygning i USA storma, då Senatet skulle godkjenna presidentsigeren til Joe Biden. Kva heiter bygningen det er snakk om?
Det er heilt rett!
Eit hopetal av opprørte Donald Trump-tilhengarar storma Capitol, der både Kongressen og Sentatet har sete, etter å ha høyrt den avtroppande presidenten tale.
Fleire personar mista livet, og i etterkant av kuppforsøket vart både åtferda til Donald Trump og dei tallause opprørarane fordømt verda over.
Feil svar!

- Spørsmål 2 av 12
2.
I februar vart britiske Jasmine Harrison (21) den yngste kvinna som nokon gong har rodd over Atlanteren. Kor mykje sjokolade gjekk med på turen?
Rett! Kanskje du er like glad i sjokolade som Jasmine?
Den britiske symjelæraren Jasmine Harrison (21) anslår nemleg at det gjekk med 40 kg sjokolade i løpet av dei 70 dagane ho brukte på å kryssa Atlanteren, ifølgje The Guardian.
Feil! Du er truleg ikkje like glad i sjokolade som Jasmine.
Den britiske symjelæraren Jasmine Harrison (21) anslår nemleg at det gjekk med 40 kg sjokolade i løpet av dei 70 dagane ho brukte på å kryssa Atlanteren, ifølgje The Guardian.
- Spørsmål 3 av 12
3.
I mars var tidlegare Statsminister Erna Solberg i hardt vêr. Kva var grunnen til det?
Rett!
Feil!
I mars avslørte NRK at statsminister Erna Solberg feira 60-årsdagen sin på Geilo med familien. To kveldar på rad skal fleire ein ti stykk ha vore samla til middag, i strid med gjeldande smittevernsreglar på det tidspunktet.
– Eg som kvar einaste dag står og fortel om smittevern til det norske folk burde kunna reglane betre, sa Solberg til NRK.
Ho enda opp med ei saftig bot på 20.000 kroner for feiringa.

- Spørsmål 4 av 12
4.
I april letta NASA-helikopteret frå roveren Perceverance på Mars, og flaug over den raude planeten for aller første gong. Kva heiter helikopteret på Mars?
Du landa på rett svar!
Helikopteret heiter Ingenuity. Visste du forresten at det er trøndaren Håvard Fjær Grip som er sjefspilot for det vesle helikopteret på Mars?
Du landa på feil svar!
Helikopteret heiter Ingenuity. Visste du forresten at det er trøndaren Håvard Fjær Grip som er sjefspilot for det vesle helikopteret på Mars?
- Spørsmål 5 av 12
5.
I mai vart «Eurovision Song Contest» arrangert. Tix representerte Noreg med «Fallen Angel» og hamna på ein 18. plass. Kva heiter låta som vann?
Corretta – korrekt!
Det var italienske Måneskin med låta «Zitti e buoni» som vann Eurovision i 2021.
Errore – feil!
Det var italienske Måneskin med låta «Zitti e buoni» som vann Eurovision i 2021.
- Spørsmål 6 av 12
6.
I juni vart dottera til hertuginne Meghan og prins Harry fødd. Kva heiter ho?
Heilt rett, det!
ttera til hertuginne Meghan og prins Harry heiter Lilibet «Lili» Diana Mountbatten-Windsor.
Lilibet er kallenamnet til dronning Elizabeth, og Diana er namnet til mammaen til Harry.
Du svarar feil! Dottera til hertuginne Meghan og prins Harry heiter Lilibet «Lili» Diana Mountbatten-Windsor.
Lilibet er kallenamnet til dronning Elizabeth, og Diana er namnet til mammaen til Harry.
- Spørsmål 7 av 12
7.
I juli gjekk endeleg sommar-OL av stabelen, då det vart utsett eit år grunna koronapandemien. I kva by vart sommar-OL 2020 arrangert?
Det er rett, veit du!
Sommar-OL 2020, som vart arrangert i 2021, gjekk føre seg i Tokyo i Japan.
Dei norske utøvarane fekk med seg fire gull, to sølv og to bronse på flyet heim til gamlelandet. Jippi!
Feil svar!
Sommar-OL 2020, som vart arrangert i 2021, gjekk føre seg i Tokyo i Japan.
Dei norske utøvarane fekk med seg fire gull, to sølv og to bronse på flyet heim til gamlelandet. Jippi!
- Spørsmål 8 av 12
8.
I august overraska Messi heile fotballverda, då han presenterte nyheita om at han kom til å forlata FC Barcelona. Der hadde han har vore sidan han var 13 år gamal. Kva klubb reiste han til?
Oui oui! Messi reiste til Paris-laget PSG.
– Eg er veldig glad for å vere her. Det var ein vanskeleg augeblink å forlate Barcelona etter så mange år. Men sidan eg kom hit har eg vore veldig glad, sa Messi i august, ifølgje VG. Han har signert kontrakt med det franske laget ut 2023-sesongen.
Nei nei nei, det er feil. Messi har reist til fanske PSG.
Oui oui! Messi reiste til Paris-laget PSG.
– Eg er veldig glad for å vere her. Det var ein vanskeleg augeblink å forlate Barcelona etter så mange år. Men sidan eg kom hit har eg vore veldig glad, sa Messi i august, ifølgje VG. Han har signert kontrakt med det franske laget ut 2023-sesongen.
- Spørsmål 9 av 12
9.
I september var det Stortingsval i Noreg, og me fekk ein ny statsminister. Kva heiter han?
Dette visste du! Vår nye statsminister heiter Jonas Gahr Støre, og han er politikar i Arbeidarpartiet.
Dette hadde du ikkje heilt kontroll på. Vår nye statsminister heiter Jonas Gahr Støre, og han er politikar i Arbeidarpartiet.
- Spørsmål 10 av 12
10.
I oktober vart klimatoppmøtet til FN arrangert i Glasgow, og Barnas Klimapanel var til stades for å representera alle barna i verda. Hugsar du kva årets klimatoppmøte vart referert til som?
Det stemmer!
FNs klimatoppmøte i 2021, ofte referert til som COP26, var den 26. FNs klimakonferanse i rekkja. COP står for «Climate Change Conference».
Feil!
FNs klimatoppmøte i 2021, ofte referert til som COP26, var den 26. FNs klimakonferanse i rekkja. COP står for «Climate Change Conference».
- Spørsmål 11 av 12
11.
I november vart det oppdaga ein ny mutasjon av koronaviruset i Sør-Afrika, som raskt brer seg over heile verda. Kva namn har mutasjonen fått?
Dette hadde du fått med deg! Mutasjonen heiter omikron. Framleis er mykje usikkert med denne mutasjonen, men det som er sikkert er at den er smittsam.
Førebels er det færre sjukehusinnleggingar med omikron enn med deltavarianten av koronaviruset. Det kan bety at omikron kan gi mildare sjukdom enn deltaviruset.
Det var dessverre feil. Mutasjonen heiter omikron. Framleis er mykje usikkert med denne mutasjonen, men det som er sikkert er at den er smittsam.
Førebels er det færre sjukehusinnleggingar med omikron enn med deltavarianten av koronaviruset. Det kan bety at omikron kan gi mildare sjukdom enn deltaviruset.
- Spørsmål 12 av 12
12.
I desember gjorde ESA, ASC og NASA ein vellukka oppskytning av eit heilt spesielt teleskop frå «Centre spatial guyanais» i Fransk Guyana. Kva namn har teleskopet fått?
Ding ding din – det er rett!
James Webb-teleskopet er eit infrarødt teleskop som er utvikla av NASA i samarbeid med ESA og CSA. Det er planlagt å vera arvtakaren etter Hubble-teleskopet som NASAs flaggskip innan astrofysikk.
Det var feil!
James Webb-teleskopet er eit infrarødt teleskop som er utvikla av NASA i samarbeid med ESA og CSA. Det er planlagt å vera arvtakaren etter Hubble-teleskopet som NASAs flaggskip innan astrofysikk.