Eivind forskar på korleis cellene i kroppen vert styrt

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Eivind Valen.

Fakta

NAMN: Eivind Valen

FORSKAR PÅ: Bioinformatikk og molekylærbiologi

JOBB: Universitetet i Bergen

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Kroppen din er sett saman av billionar av celler, som har sine eigne oppgåver. Likevel er dei alle laga av den same oppskrifta – DNA-et ditt. Så korleis kan det ha seg at éi oppskrift kan laga så vidt forskjellige celler som blodceller, hjerneceller og muskelceller? Det lurer eg på!

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Å forstå korleis noko verkar, gjer det også mykje lettare å finna ut kva som er grunnen til at noko går gale. Så viss me kan forstå korleis DNA byggjer og styrer cellene dine, kan me også finna ut kva som skjer når du blir sjuk og cellene dine ikkje oppfører seg som dei skal.

Kva er det beste tipset ditt for å bli forskar?

– Eg trur at å vera nysgjerrig er den viktigaste eigenskapen ein kan ha! Viss du har eit sterkt ønskje om å finna ut av korleis ting heng saman – då kan du komma langt.

– Men det viktigaste du kan gjera for å bli ein god forskar (noko som er mykje viktigare enn å læra seg allverdas faktakunnskap), er å læra korleis me veit at noko er sant. Metodane me bruker for å kunna seia at arvematerialet vårt er DNA eller at koronavaksinen verkar. Kort sagt, korleis kan me skilja mellom fleip eller fakta?

– Den kanskje beste oppfinninga menneske har gjort, er nemleg ein måte å finna ut av ting på. Dette kallar me for den vitskaplege metoden. Viss du lærer denne, ligg universet klart for å oppdagast av deg!

Tips til barn som vil forska heima:

– Finn ut noko du lurer på og still deg sjølv spørsmåla:

Korleis kan eg finna ut av dette? Kan eg testa det på ein eller annan måte? Kan eg testa det mange gonger for å sjå om det same skjer kvar gong?

– Sjølv om svaret er kjent frå før er det ingen grunn til å ikkje prøva å finna svaret åleine, utan hjelp frå Google. Mange av dei største oppdagingane kjem nettopp av å visa at noko me trudde var sant ikkje viser seg å stemma likevel.

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.