Aike forskar på religion og miljø i Japan og Vietnam

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Aike Peter Rots.

Fakta

NAMN: Aike Rots

FORSKAR PÅ: Religion og miljø i Japan og Vietnam

JOBB: Universitetet i Oslo

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på religion og miljø i Asia, mest i Japan og Vietnam. Eg er interessert i dei ulike måtane menneske stiller seg til naturen rundt seg, gjennom ritual, historiar og symbol. Det er mange menneske i Asia som trur på gudar, gudinner og åndar som er ein del av naturen og som kan påverka kva som skjer i verda: fjellguder, havgudinner, til og med heilage tre og dyr (til dømes kvalar, krokodiller og skjelpadder).

– Folk tilber desse gudane og åndane ved å gi dei blomster, mat og røykelse, og ved å syngja, dansa og be til dei. I forskinga mi prøver eg å finna ut kva slags tydingar desse rituala har i dag, og korleis dei stiller seg til sosiale og politiske endringar.

– Dette er ein selfie som eg tok då eg køyrde scooter i Vietnam i 2019. I Noreg køyrer eg aldri scooter, men i Vietnam er det den enklaste måten å komma seg rundt, så eg køyrer ofte scooter når eg er på feltarbeid der, seier Aike. Foto: Privat

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Fordi det er så utruleg spennande å læra meir om ein annan kultur, og dela den kunnskapen med andre!

– Eg har brukt mykje tid på å læra meg japansk og vietnamesisk. Dei er to vanskelege språk, men det er veldig gøy å snakka med folk i Japan eller Vietnam, høyra historiane deira, og prøva å forstå kva dei trur på og kva dei er redde for og kva som er viktig for dei. Viss ein lærer seg eit anna språk og blir kjent med ein annan kultur og andre verdiar, lærer ein òg at det er mange forskjellige måtar å gjera ting på. Det er så mange fordommar i verda i dag – me treng meir forståing for andre folk og andre kulturar.

Kva er det beste tipset ditt for å bli forskar?

– Still spørsmål! Mange vaksne tek ting for gitt – dei stiller ikkje spørsmål som «kvifor gjer me det me gjer?». Verda er så spennande og forvirrande og mangfaldig, og det er så mykje å utforska, ikkje berre ute i naturen men også heime.

– Kvifor feirar me eigentleg jul – kva er historiene bak det? Korleis feirar ein jul i andre land, som mellom anna Hellas, Filippinane eller Ghana? Kvifor er jul mindre viktig i land som Japan, India eller Egypt? Kva slags juleritualer har me heima i familien vår, og kva betyr dei for oss?

– Still desse spørsmåla, snakk om det med familien din, og prøv å finna ut meir om det ved å lesa bibliotekbøker eller sjå på dokumentarfilmar. Slik blir du ein forskar!

Tips til barn som vil forska heima:

– Då eg var barn hadde eg ein atlas med mange spennande kart og bilde. Det var yndlingsboka mi. Eg las mykje om andre land og kulturar; om Afrika, Sør-Amerika, Midtausten og Australia, men eg var mest interessert i Asia, og då spesielt Japan og Kina. Så eg byrja å lesa bøker om Japan og Kina òg.

– Det er så mange spennande reisebøker med flotte bilde du kan få låna frå biblioteket, og det kostar ikkje noko! Du kan òg byrja å læra deg eit framadspråk heima. Det er mange videoar på YouTube og flotte appar som hjelper med dette. Til dømes DuoLingo, som er eit slags spel som hjelper deg å læra eit nytt språk.

– Jo tidlegare ein byrjar, desto betre. Som vi seier på japansk: «ganbatte ne»!

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.