Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Roboten Eva som kan spegle kjenslene dine.
Tesla-gründer Elon Musk utforskar ikkje berre verdsrommet, han utforskar òg kor vidt ei lita brikke i hovudet kan gje pasientar noko av kontrollen over eigen kropp tilbake. Og han håpar å prøve ut teknologien allereie i 2022:
– Vi håpar å ha denne [Neuralink-chipen] i våre første menneske – som vil vere folk som har alvorlege ryggmargsskadar som tetraplegi eller kvadriplegi – neste år, om vi får FDA-godkjenning, sa Musk i eit direktestrøyma intervju med The Wall Street Journal.
Det var Business Insider som først omtalte saka.
Sjå videoen som skal syne ein av forsøksapane spele ved hjelp av mikrochipen:
Håpar å kurere Alzheimers
Neuralink, som Musk var med å stifte i 2016, utviklar ein chip som kan verte sett inn i menneskehjernen for å både overvake og stimulere hjerneaktivitet. Den vesle brikka er på storleik med ein mynt og har mange små ledningar som er tynnare enn hårstrå.
Over tusen elektrodar er festa på desse små ledningane, og dei har i oppgåve å registrere hjerneaktiviteten og potensielt stimulere hjernen. Dataen som vert samla inn av brikka skal verte sendt trådlaust til ei datamaskin.
Håpet er at mikrochipen kan verte brukt medisinsk, som ved å behandle alvorlege ryggmargsskadar og nevrologiske lidingar som Alzheimers, Parkinsons sjukdom og demens.
Trygg og påliteleg
Til no har den vesle brikka vorte testa på grisen Gertrude og på apekattar, men i løpet av 2022 håpar Musk at Neuralink får grønt lys til å prøve ho ut på menneske.
– Neuralink verkar godt i apekattar, og vi utfører mange testar og stadfestar at ho er veldig trygg og påliteleg, og at Neuralink-eininga kan verte fjerna trygt, sa Musk i intervjuet.