Guro forskar på korleis menneske lærer språk

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Guro Busterud.

Fakta

NAMN: Guro Busterud

FORSKAR PÅ: Grammatikken i hjernen vår

JOBB: Universitetet i Oslo, Blindern

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på korleis me menneske lærer grammatiske reglar når me lærer eit nytt språk. Eg er interessert i å finna ut korleis desse reglane ser ut, og om du brukar nokre av reglane du har i norsk når du lærer deg for eksempel engelsk. Eg synest også at det er spennande å finna ut om reglane du brukar når du snakkar engelsk er like dei reglane ein engelskmann brukar når han eller ho snakkar engelsk.

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Når du kan eit språk, kan du uendeleg mange reglar sjølv om du kanskje ikkje kan setja ord på, eller forklara desse reglane. Språket me menneske har, er ein viktig forskjell mellom folk og dyr. Å forska på grammatikk og språklæring gir oss viktig kunnskap om mennesket sin hjerne og om det å vera menneske.

Foto: Thor Nielsen, NTNU

Kva er ditt beste tips for å bli forskar?

– Eg trur eigentleg at alle barn er født som forskarar. Dette fordi barn ofte er mykje flinkare enn vaksne til å undra seg over verda rundt seg. Mitt beste tips til forskarspirer er at dei ikkje må slutta å undra seg over kvifor ting er om dei er – og ikkje slutte med å stilla spørsmål.

Tips til barn som vil forska heima:

Skriv ned nokre setningar som er grammatiske og nokre som ikkje er grammatiske. Eit døme på dette er:

I går Ola åt fisk,
I går åt Ola fisk,
Ola fisk åt i går.

Finn ut kva som gjer at nokre setningar ikkje er grammatiske, og forsøk å setta ord på desse reglane.

Eit eksempel frå forskinga til Guro:

Sjå på ordet seg sjølv i setninga

Anne trur at Jostein diggar seg sjølv.

Er det Anne eller Jostein som diggar seg sjølv? Alle med norsk morsmål vil vera samd om at seg sjølv viser tilbake til Jostein, altså at Anne meiner at Jostein diggar Jostein (ikkje at Jostein diggar Anne). Dette viser at me har ein felles regel, sjølv om ikkje alle kan forklara korleis regelen ser ut.

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.