– Språkutviklinga vil lida. Dermed vil ein fort lida i skuleløpet, seier Edmund Austigard, som er direktør i Samlaget. Dei gir ut bøker på nynorsk.
Ifølgje NRK har ikkje forlaga Cappelen-Damm, Aschehoug eller Kagge gitt ut bøker til barn og ungdom på nynorsk så langt i år.

Vil styrka nynorsken
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen er opptatt av å styrka nynorsken.
Ho fortel til NRK at dei jobbar med å få på plass ei ny boklov. Den skal vera med på å sikra eit stort mangfald av litteraturtitlar. Det betyr at det ikkje berre er dei populære bøkene det skal satsast på.
– Eg synest at det kjem ut for få bøker på nynorsk. Eg er opptatt av å styrke nynorsken og få meir nynorsk litteratur ut til folk. Den nye boklova skal vera eit verkemiddel for å få dette til, seier Trettebergstuen.