Dette er den mest brukte emojien i 2021

Den mest brukte emojien i 2021 er den som ler så hardt at den gret.

Mykje er blitt endra i liva våre etter at pandemien vart noko me alle måtte forhalda oss til. Men ein ting er den same – og det er korleis emojiar me menneske sender til kvarandre, skriv New York Times.

Emojien som stakk av med sigeren i år, har namnet «Tears of joy». I 2021 sto den faktisk for så mykje som fem prosent av all emoji-bruk i heile verda, ifølgje Unicode Consortium, som står bak undersøkinga.

Generasjon Z er ikkje fan

Den grinande emojien går av med sigeren, til tross for at det nyleg kom fram at generasjon Z meiner at den (i tillegg til skinny jeans og sideskill) ikkje er kult lenger.

Ekspertane meiner at dette seier noko om kor mange i verda som brukar emojiar kvar dag.

– Viss berre generasjon Z hadde brukt dei, hadde ikkje denne emojien vore på topp, seier Alexander Robertson, som jobbar som emojiforskar hjå Google.

Ingen store endringar

Populariteten for «Tears of joy» er ikkje ny, og ifølgje Unicode Consortium har det ikkje skjedd store endringane sidan siste gong selskapet oppdaterte listene sine. I praksis er faktisk dei mest brukte emojiane dei samme som dei var for to år sidan.

Dette er topplista i 2019 og 2020:

2019: ? ❤️ ? ? ? ? ? ? ? ?
2021: ? ❤️ ? ? ? ? ? ? ? ?