Generasjon Z, Boomers, Millennials – kva generasjon høyrer du til?

Har du høyrt om «generasjon Z»? Eller «millennials»? Eller kanskje «boomers»? Her får du vite meir om dei ulike utrykka.

Den tapte generasjonen (The Lost Generation):

Fødd mellom 1883 og 1900.

Kjende namn frå denne generasjonen: Einar Gerhardsen (bilete), J.R.R. Tolkien, Kong Olav V, Adolf Hitler og Coco Chanel.

Foto: AP

Den store generasjonen (The Greatest (G.I.) Generation):

Fødd mellom 1901 og 1927.

Kjende namn frå denne generasjonen: John F. Kennedy, Dronning Elizabeth II (bilete), Alf Prøysen, Anne-Cath Vestly, Thorbjørn Egner, Nelson Mandela og Mor Teresa.

Foto: AP / Tim Ireland

Den stille generasjonen (The Silent Generation):

Fødd mellom 1928 og 1945.

Kjende namn frå denne generasjonen: Martin Luther King Jr., Fidel Castro, Che Guevara og Gro Harlem Brundtland (bilete).

Foto: TV 2

Boomers:

Fødd mellom 1946 og 1964.

Kjende namn frå denne generasjonen: Erna Solberg (bilete), Jens Stoltenberg, Morten Harket, Steve Jobs og Madonna.

Foto: NTB / Terje Pedersen

 

Generasjon Jones:

Fødd mellom 1954 og 1965.

Kjende namn frå denne generasjonen: Barack Obama (bilete).

Foto: AP / Brynn Anderson

 

Xennials eller Ironigenerasjonen:

Fødd mellom 1977 og 1983.

Kjende namn frå denne generasjonen: Meghan Markle, Beyoncé (bilete), Paris Hilton og Kristoffer Hivju.

Foto: AP / Parkwood Entertainment

 

Millennials (Generasjon Y):

Fødd mellom 1981 og 1996.

Kjende namn frå denne generasjonen: Lionel Messi (bilete), Mark Zuckerberg, Malala Yousafzai, PewDiePie, Justin Bieber, Ariana Grande, Kygo og Aurora.

Foto: AP / Christophe Ena

 

Generasjon Z  (Centennials/Zommers/Gen Snowflake):

Fødd mellom 1997 og 2012.

Kjende namn frå denne generasjonen: Greta Thunberg, Billie Eilish, Marcus og Martinus, Charli D’Amelio, Ingrid Alexandra (bilete) og James Charles.

Foto: Lise Åserud