Helene forskar på kreftceller

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. I dag blir me betre kjend med forskinga til Helene Knævelsrud.

Fakta

NAMN: Helene Knævelsrud

FORSKAR PÅ: Cellene i kroppen vår 

JOBB: Radiumhospitalet i Oslo

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Eg forskar på cellene i kroppen vår og korleis dei fungerer. Eg vil finna ut av korleis ei vanleg celle blir til ei kreftcelle. Eg prøver også å finna svakheiter ved kreftcellene, som me kan utnytta for å bli kvitt dei.

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Det er spennande å forstå korleis kvar enkelt celle i kroppen løyser alle oppgåvene sine. Dei gjer så mykje rart. Dei lagar alle delane som blir til ei celle, resirkulerer bosset sitt og snakkar med andre celler. Når me forstår korleis vanlege celler oppfører seg, kan me også finna ut kva som er annleis hjå kreftcellene. Då kan me også finna medisinar som helst berre skadar kreftcellene og lèt dei friske cellene vera i fred.

Kva er ditt beste tips for å bli forskar?

– Me trenger mange ulike typar forskarar til å stilla og svara på forskjellige typar spørsmål! Men du kan mellom anna øva deg på å stilla spørsmål som: Kvifor ser me ingen insekt om vinteren? Kva type blomster som finst rundt skulen din liker humlene best? Korleis kom bananflugene inn på kjøkkenet ditt? Bruk kreativiteten din til å finna ut korleis du skal gå fram for å finna svar! Då kan du også trena på å vera grundig og systematisk – akkurat slik som ein forskar.

Tips til barn som vil forska heima:

Det kan vera lurt å spørja ein vaksen om lov før du går i gang med eit forskarprosjekt:

Viss du er så (u)heldig å få bananfluger i fruktkorga på kjøkkenet heime, kan du både bli kvitt dei og finna ut kva dei likar best. Du kan setja fram nokre skåler med forskjellig flytande innhald, til dømes ei skål med eddik, ein anna med brus, ein tredje med vatn, ein fjerde med juice og kanskje ei femte skål med ein skvett raudvin! Ta ein liten dæsj oppvasksåpe i kvar skål og rør rundt. Neste morgon kan du telja kor mange bananfluger det er i kvar skål og finna ut kva dei likte best.

Lukke til!

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.