Kortare ventetid for vaksne enn barn i psykiatrien

Ein 40-åring får mykje raskare hjelp i psykatrien enn ein 12-åring.

Psykisk sjuke vaksne ventar i snitt 47 dagar på behandling i psykisk helsevern – medan barn ventar i 53 dagar. Det viser tal P4-nyheitene har henta frå Norsk Pasientregister.

– Det er urovekkande og veldig alvorleg for barn og unge, seier Camilla Kayed, fagsjef i Barneombodet til P4.

Her kan du ringa/chatte om du treng nokon å snakke med:

  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørja om det du lurer på. Det er gratis og telefonen er døgnopen grunna korona-viruset.
  • Ring til barnevernet i kommunen der du bur. Du finn telefonnummeret på kommunen si heimeside. Barnevernet skal hjelpa barn som har det vanskeleg.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • På Kors på halsen kan du prata med eller skriva til vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seia og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 333 21. Du kan også chatta og senda mail anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • BARsnakk er ei chatteteneste for barn, ungdom og vaksne som har foreldre som har rusproblem, eller som kjenner nokon som har det. Det er heilt gratis, og du kan vera heilt anonym.
  • SnakkOmPsyken.no er eichatteteneste for barn og unge mellom 9-19 år. Her kan du snakka med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prata med.