Du kan få det betre av å sitje stille i skogen

Mange trur dei må springe eller gå langt når dei er ute i naturen. Men slik er det ikkje.

Å vera i naturen er bra for helsa vår. Det har mange forskarar funne ut, skriv Ung.Forskning.no.

Går du ein tur i skogen, er det sunt for kroppen. Men det er også bra for den psykiske helsa di. Ei god psykisk helse betyr at du har det bra, at du får gjort det du ønskjer, at du handterer stressande situasjonar på ein god måte – og at du bidreg i samfunnet rundt deg.

Turar i naturen er bra

No blir det kaldare og mørkare. Då er det ein del menneske som blir lei seg. Nokon blir så lei seg at det går utover kvardagen deira. Då blir det kalla «depresjon». Om du er lei deg, eller om du er så lei deg at det går utover kvardagslivet ditt, kan du få det betre om du går turar i naturen.

Ein amerikansk forskar fann ut at det held med ein halv time i naturen for å få det betre.

Roleg i naturen

No har ein norsk forskar funne ut at vi kanskje er for aktive når vi er ute i naturen. Helga Synnevåg Løvoll frå Høgskulen i Volda meiner at vi gjer for mykje for fort når vi er ute i skogen eller på fjellet.

– Det må ikkje skje så mykje heile tida, seier Løvoll i ei artikkel frå Høgskulen i Volda.

Det held at vi ser noko vakkert i naturen, som ein solnedgang, eit bål eller bølger på stranda.